søndag 31. mars 2013

Påskeidyllen held...

...fram! Dette må, vermessig, vera ei av dei flottaste Påskene vi har hatt? Sol frå blå himmel kvar einaste dag - utruleg!

Sjølv har eg labba rundt i fjelleheimen til fots kvar Påskedag så langt. Langfredag var det tid for ein tur til Bremstølen, og dei som måtte til pers og vera med meg denne gongen var:

Tove og Marit :-)
 
Sjølv om det kanskje ikkje virkar slik, smeltar heldigvis is og snø fort vekk no når sola er framme - enkelte plassar i allefall. Det var stor forskjell på stien opp til Bremstølen denne dagen i forhold til forrige gang eg gjekk her, og det er tross alt ikkje så veldig lenge sidan.
 
Vel opp på Bremstølen var det Marit som måtte ta ansvar og skriva oss inn i manntalet. Trur det var mange navn som kom i boka denne dagen - Bremstølen er ein populær turplass og det var mykje folk ute å gjekk.
 
Men som så ofte så blas det ein kald vind på toppen og vi bestemte oss for å gå litt i retning Sundstølen for å sjå om vi kunne finna ein plass å sitja litt i ly for vinden.
 
Vakkert var det no uansett om det blas litt kaldt.
 
Og etter å ha traska litt til kom vi fram til ein plass vi tykte måtte passa bra for å kvila og få i seg litt nista:

 
Her, midt i ei helling inne i skogen fann damene ut at det passa å slå leir :-) Når sant skal seiast så var det vel underteikna som pressa på at vi måtte gå "litt til" og "berre litt til" før dei andre fann ut at så mykje mindre vind enn inne i skauen her kom vi ikkje til å finna.
 
Så slik blei det og då tok det ikkje lang til før vi fekk fram nista på "bordet" og kosa oss med den medan vi...
 
...naut eh..mh..phn.. utsikta....
 
Ein riktig så fin Langfredagtur vart dette. Etterpå var det full fart  heim og dusja for ta på seg finhatten og ta turen i bursdagsselkap hos naboen :-)
 
 
Påskeafta såg det slik ut på Eik:
 
Sola skin på (d)ei som fortjener det ;-)
 
Så då såg eg ingen grunn til å halda meg heima denne dagen heller. Denne dagen måtte eg gå på tur aleina, så då blei det ein tur opp Ståle sin veg, over Storhaug, ned til Ådnaklett og til slutt ned Tormod sin veg - før eg måtte traska opp halve dalen igjen på bilhenting.
 
Tok ikkje så mange bileter denne dagen, men slik såg i allefall Uskedalen ut Påskeafta 2013.
 
Seinare på kvelden samlast gjengen for å sjekka livet på Systrene Nilsen. Det var jo heilt greit nok, men eg har kanskje fått ein overdose frisk luft for det blei ikkje noko guff i meg og beina ville i allefall ikkje dansa. Eg tok difor kvelden forholdsvis tidleg, og dermed var eg jo heilt klar for ny luftetur i dag :-)
 
Og i dag skulle Naturbarna samlast igjen for å gå tur - det er ei stund sidan vi har klart å gå i samla flokk. Turen gjekk opp skogsvegen ved Fjellandsbøvatnet.
 
Og her står Marit heilt einsam og speidar nedover lia - kor er sistemann??
 
Jo, her kjem ho omsider. Ein kan vel ikkje forventa at alle skal klara å huska å stilla klokka på same tid...
 
Og når gjengen endeleg var samla , trur dåke ikkje...
 
...Påskeharen hadde sneke noko godsaker oppi sekken min før eg reiste heimante??
 
Og desse damene er som ungar flest - gje dei nokre godsaker så går turen som ein leik :-) Trass snø og nokre glatte parti opp vegen, tok det ikkje så altfor lang tid før vi kom til vegs ende.
 
Berre ein liten gange til då på fjellet så hadde vi funnet oss...
 
...ein fin rasteplass kor vi kunne sitja å nyta sola.
 
Og her hadde vi i allefall strålande, flott utsikt!
 
Og trur dåke ikkje Påskeharen hadde lagt i frå seg egg her òg - med pledd og telttøffler i??? Den Påskeharen, den Påskeharen...
 
Her sat vi både vel og lenge og kosa oss i sola før det var på tide å ta turen ned igjen.
 

Sjå kor flott! Kan anbefala denne turen, men som så mange andre stader for tida - brodder må på. Eg har med meg stavar og. Og skulle det vera nokre som går turen etter oss og tilfeldigvis finn 1 stk brodd til 1 stk sko - den er nok den eine min som eg brått oppdaga at eg mangla når eg var komen eit stykke ned vegen....
 
Men så er det no slik at ikkje alt har vore like idyllisk og kjekt denne Påsken. Champagenpartyet vårt Langfredagskvelden blei brått forstyrra av helikopterdur utpå kvelden. Det tok ikkje lang tid før vi hadde fått greie på at det var ein leiteaksjon på gang etter ein person som hadde lagt ut på tur frå Husnes tidleg Skjærtorsdag og som etter planen skulle koma ned i Uskedalen. Turen skulle eigentleg ta 3 timar og no var det over eit døgn sidan nokon hadde observert vedkommande. Helikopteret jobba utover heile kvelden og sidan det konsentrerte seg om framsida av Englafjell, antok vi at dei hadde funne spor som kunne tyda på at vedkommande hadde prøvd å koma seg ned frå Englafjell denne vegen.
 
Dette var ikkje kjekt å hverken høyra eller sjå på. Vi er ikkje vane med slik dramatikk her hos oss og her ana vi vel at det ikkje kunne enda godt heller. Omsider blei det stille i fjellsida, men om morgonen Påskeafta tok leiteaksjonen til att.
 
 
No visste dei nok kor dei skulle leita og det tok ikkje lang tid før vedkomande blei lokalisert i fjellsida. Som tenkt så enda dette i ei tragedie - vedkommande har sklidd utfor fjellet og omkome. Sjølv om ein ikkje kjenner vedkomande kjenner ein det litt i magen når slikt skjer så nærme heimen og det vart mange blikk bortmot Englafjell når eg seinare på dagen gjekk turen om Storhaug.
 
No har jo eg skreve flåsete innlegg om turen min nesten til Låganåso, men med denne ulykka fekk vi jo tydeleg nok beskjed om at det faktisk er farleg å bevega seg i fjellet no om dagen. Å gå på Englafjell no og prøva å koma seg ned på framsida via Såto er nok rett og slett ikkje forsvarleg. I fjellet no er det knallhard skare og mykje is - byrjar ein fyrst å skli skal det ikkje mykje til før ulykka er ute.  Nei, no må ein verkeleg passa seg for kor ein går når ein legg utpå tur i fjellet.
 
Englafjell Skjærtorsdag 2013. Veldig trist å tenka på vi skulle oppleva ei slik tragisk hending i dette flotte fjellet vårt denne dagen.
 
 
Men no kjenner eg alle Påskeutfluktene i både bein og rygg, så i kveld skal eg kun slenga meg på sofaen og konsentrera meg om å dukka hovudet langt ned i Påskeegget...Og hjelp, det er visst ein fridag i morgon òg...
 

 
 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)