lørdag 20. april 2013

Nei!!! Ikkje enda eit....

..tur innlegg!!!

Eg merkar det jo sjølv - Bobla ser ut til å ha enda opp som ein turblogg og eg framstår som sjølve symbolet på sunn, norsk ung(det å vera lov å lyga litt)dom! Lett på foten spring eg opp det brattaste fjell, snuser inn den friske lufta, slår meg på brystet for så å innta nista - brødskjeva med brunost og vatn frå næraste bekk!

Ok, det var vel kanskje å vri litt vel mykje på sanninga, men pytt sann :-)

Men, tur blei det i dag òg. Vi var litt tom for turidear no så vi måtte rådføra oss med den beste stifinnaren vi veit om  - nemleg mor. Ho sendte oss øverst i Omvikdalen med beskjed om å gå til Aterstadvatnet - så då gjorde vi det. Vi tulla det litt til i byrjinga - kor langt skulle vi eigentleg fylgja vegen før vi parkerte??? Vi fann hverken skilt eller anna, men senka blikket litt og oppdaga nokre raude T'ar på nokre steinar.

Her byrja vi turen og satsa på at denne vegen ville ta oss til Aterstadvatnet. (Vi fann jo ikkje noko skilt som sa kor denne turvegen gjekk hen)
 
Vi var nøgd med valget - her var det fint og lett å gå.
 
Desse kjekke Omvikdølane hadde sikkert ikkje sett folk på ei stund - i allefall ikkje så langvegsfarande som oss.
 
Det blas godt der kor vi parkerte bilane, men vi gjekk ikkje lenge før vi kom i le. Og sidan det kom eit og anna solglimt igjennom skydekket gjekk det ikkje lang tid før vi kunne kasta jakka :-)
 
Ikkje så veldig mykje utsikt på veg opp - ja, for det gjekk oppover :-)
 
Men, her såg vi no i allefall det grønaste vi har sett i naturen så langt i år.
 
Når vi hadde kome eit stykke opp kunne vi kikka over på andre sida av elva og der fekk vi auga på ein anna veg. Det ana oss at det var den mor eigentleg hadde prøvt å dirigera oss mot. Men vi hadde jo googla litt om Omvikdalen på førehand og rekna med at desse vegane snart ville møtast.
 
No byrja vi å få litt betre utsikt...
 
Og vi fekk rett - vegane møttes til slutt og då hadde vi full utsikt over Omvikdalen :-)
 
Ikkje veit eg kva dei grev etter så langt oppe i fjellheimen, men grev gjere dei i allefall her oppe - på kryss og tvers og überalles. Har fann vi òg, på ein knaus som stod igjen, dei aller fyrste skilta som viste kor vi var på veg - anten Skorafjell eller Tverrfjell. Stien til Skorafjell trur eg var groven vekk, men eg antar den nye fjellvegen dei har laga til er ei erstatning for den. Uansett så skulle ikkje vi der - vi skulle mot Tverrfjell.
 

 

Så då fortsatte vi på de gamle vegen eit lite stykke...
 
...og så var vi ved målet - Aterstadvatnet!
 
Her var det jo kjempefint - kven skulle tru at det gøymte seg ei slik perla i Omvikdalen?? Og sikkert enda finare når det blir sommar - idag blas det kaldt her og det var litt vintar her enda. Og trur dåke ikkje vi fann...
 
...ei bok vi kunne skriva oss inn i? Eit lita, tynn bok - kanskje ikkje så mange som går tur her??
 
Men, dette var jo ikkje alt vi fann her. Vi fann noko heilt anna òg...
 

Eit skilt til Tverrfjell....
 
...og Tverrfjell, ja, det er opp her!
 
Vi starta turen ganskje seint i dag, og eg prøvde meg: "Eg veit ikkje om eg orkar opp der 
i dag". " Vi kan no gå litt opp i lia - kanskje vi finn litt ly for vinden der?", fekk eg til svar. "Litt opp i lia der, du liksom" - har Ann Iren fyrst funne ein oppoverbakke så er det ikkje snakk om å gå litt, det veit vi begge to. "Ok, då", mukka eg, vel vitande om at no kom vi til å skilja lag ei stund...
 
....for her fòr ho avgårde, kjempenøgd med å ha fått viljen sin :-) Eg kom luskande etter...
 
...og bruka som vanleg fotograferinga som ei unskyldning for å stoppa kvar femte meter.
 
Det låg litt snø allereie i byrjinga av stien og Ann Irene slo fast at det såg ikkje ut som om nokon hadde gått der før. Burde vi ikkje ha lært etterkvart at det kanskje er eit hint??? Hvis dei innfødte enda ikkje har tatt turen, veit dei kanskje noko meir enn oss?? Sånn som at...
 

....det ligg snø lenger oppe i lia??? Djup, sørpete, blaut snø??
 
Men, stoppa det oss? Å nei, her var det berre å gå på med godt mot....
 
.... i allefall eit stykke til.
 
Men til slutt måtte den vaksen av oss setja foten ned og seia at nok er nok - hit, men ikkje lenger! Dvs. eg sa vel ganskje sutrete at no sit eg her og ventar på deg til du kjem attende. Men no hadde vist  Ann Irene trampa nok i snø òg, så vi var ganske samstemte i at no var det på tide å snu, gå ned til vatnet igjen og så ta ei lita nistepause.
 

 
He-he, her sat ho jammen fast, gitt :-)
 
Som sagt, så gjort. Vi tusla ned frå fjellet igjen etter å ha vorte einige om at dette sikkert var ein fin tur å ta sommarstid istadenfor. Ja, for vi må jo opp her eingong - innbillar oss at det må vera ei fantastisk utsikt på toppen!
 
Vel nede vet Aterstadvatnet igjen, fylgde vi vegen til endes. Og der fann vi dette:


 
Ei skikkeleg flott hytta.
 
Sidan ytterdøra kun var "låst" ved at ein stein var lagt framfor døra, skal eg ærleg innrømma at vi sparka den til sides og trampa rett inn. Riktig så fint og koseleg, og litt meir for seg gjort enn dei vanlege opne hyttene. Vi reknar jo med at sidan hytta så og seia står open så er det fritt fram for alle å gå inn, men vi er ikkje heilt sikre. Kanskje det går så lite folk på tur her at hytteigarane kjenner alle som er innom og andre vegen? I allefall kikka vi oss berre rundt og luska ut att - ville ikkje risikera at vi måtte vaska etter oss ;-)
 
Så i stadenfor å eta nisa inne sat vi oss bak hytteveggen og kosa oss med kaffi, cola, berlinerbollar og sjokolade. Skikkeleg turmat, med andre ord.
 
Uviss av hvilken grunn byrja vi begge to å frysa på beina etter ei lita stund og fann det best å ta fatt på heimturen. Uviss og uviss - vi viste jo godt begge to at vi var kliss blaut og det surkla av vatn i begge sine sko...
 
Vi valgte å fylgja den andre vegen ned att for å sjå kor vi enda då, så kunne vi finna ut kor vi hadde missa på turanvisninga til mor i utgangspunktet. Vi lika ikkje denne vegen så godt. Denne vegen var nyare enn den andre, brattare og eit heil anna underlag å gå på. Begge var vi difor einige om at det var bra vi hadde bomma og ikkje gått opp denne vegen - vi held ein knapp på den gamle. Litt betre utsikt, var det dog denne vegen.
 
Omsider kom vi så langt at vi kunne sjå ned på bilane våre, utan at vegen såg ut til å nærma seg slutten i det heile. Vi var litt redd vi skulle havna langt nede i dalen hvis vi fortsatte på den, så vi klatra over ei grind, peisa over ein bakke, klatra over eit gjerde, fann bilane våre, takk kvarandre for turen, byrja å køyra - og rett rundt fyrste sving kom skogsvegen ned..
 
Kjekk tur, som vi gledar oss til å ta igjen til sommaren når snøen har forsvunne :-)
 
I morgon blir det tur til Dynjo igjen for å henta heim guten som driv å naudslaktar kyro til bøndene som er på hyttetur og mengar seg med Alex Ròsen ;-)
 
 
 



 



 
 
 


 

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)