onsdag 24. april 2013

Idag hadde eg tenkt å laga eit innlegg...

om vårteikn. Ja, for no finnes det faktisk nokre av dei rundt omkring. Men så var det så pokkers vanskeleg å få vårteikna til å stå stille i vinden slik at eg klarte å fokusera med kamera....

.....at det blei det med desse to bileta.
 
Så slo det meg - det er jo ikkje dette som er mitt fototalent? Blomar? Nei, mitt talent er jo sjølvsagt: DYREFOTOGRAFIER! At ikkje eg har sett det før - det er jo dette eg kan best og betre enn dei fleste andre!
 

I det siste har eg jo tatt bileter av både hummar og kanari, med stort hell, om eg kan seia det sjølv.
 
I dag har eg difor tenkt å dela nokre av mine fototips når det gjeld dyrefotografering. Det fyrste ein må gjera er jo sjølvsagt  å finna eit dyr ein kan fotografera:
 
Her har eg funnet mitt dyr for dagen. (Dag og dag - dette var i dag tidleg og eg var eigentleg opptatt med å springa rundt i trusa og leita etter sokkar)
 
Når du har valgt deg ut motivet så er det viktig at du stiller deg, eller dyret, slik at...
 
...du har fri sikt og ingenting står i vegen som kan laga forstyrrelsar i biletet.
 
No bur jo ikkje vi på noko savanne eller prærie, så eg veit at dette ikkje alltid er så enkelt. Men det gjere eigentleg ikkje noko om det kjem noko anna med på biletet så lenge...
 


...det ikkje er noko tvil om kva som er hovudmotivet.
 
Ein ting eg ikkje er så glad i er oppstilte bilete. Eg likar best å ta bileter i nuet - då blir det meir ekte.
 

I spranget.....
 
....litt morgonstell av pelsen...
 
....klør ein, så klør ein...
 
....og så tissar vi ein skvett!
Eg vart forresten mektig imponert over kor elegant denne karen gjekk rett igjennom gjerdet. Gutungen vart på si sida ikkje så imponert over mor sin observasjonsevne og konstaterte ganske tørt: "Det er ikkje gjerde der"...
 



Så til slutt:  Dei beste bileta er dei som får deg til å tenka og undra litt. Kanskje er ikkje ting slik ein alltid har trudd? F.eks. kor mange...

 
...bein har faktisk ein katt???
 
Eg håpar dåke har plukka opp nokre tips dåke kan bruka i dykkar eigen fotografering her i dag. No skal eg senda inn desse bileta til National Geographic - så tenkjer eg det blir ein ny vinnar av "Årets dyrefotografi" i år :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)