lørdag 27. april 2013

Kviteggjo i Omvikdalen...

...var turmålet i dag! Og heldigvis for det - dette var ein fantastisk plass og mitt nye favoritturmål, trur eg :-)

Vi parkerte ved samdriftsløa (huskar ikkje kva dei kallar seg dei som driv denne) på Hjelmelandsida i Omvikdalen og så la vi i veg opp skogsvegen. Dette er ein skogsveg som snirklar seg oppetter lia sving etter sving etter sving etter sving..Minna litt om keisarstien til Gardshamrane i Bondhusdalen, faktisk.

Det var kjekt å gå tur i dag. Endeleg ser det ut som om eg har byrja få litt utbytte av alle turane mine rundt dalen dei siste par vekene - iallefall kom eg meg opp utan alt for mange pausar og syting.

Utsikta på veg opp fjellet...
 
...og i det fjerne skimta vi Ulvanåso :-)
 
 
Ved enden av skogsvegen stod det ei lita hytte og på hytteveggen hang det postboks med bok i. Vi skreiv oss sjølvsagt inn i den :-) Og her oppe syntes vi det var utruleg flott - faktisk syntes vi det var ein av dei flottaste plassane vi har vore i fjellheimen. Kanskje til og med den flottaste!
 

Ann Irene og Frikk kvilar litt ved denne fine plassen som møtte oss når vi kom opp...
 
....medan andre ikke trong kvila i det heile tatt ;-)
 
Fin tur å berre gå opp hit, men vi hadde ikkje nådd Kviteggjo enda - vi hadde eit lite stykke igjen å gå før vi nådde dit. Og då måtte vi sjølvsagt ta oss fram i....
 

....snø. Det var veldig fint med snø og sol, men vi må vel innrømma at vi er litt lei av å traska rundt i snøen no etterkvart.
Har du sett, her kunne vi faktisk velga mellom to fjell. Kvanto var utelukka - den er framleis dekka av snø.
 
Piken på broen på veg til Kviteggjo - stien ser dåke snirklar seg vidare i bakgrunnen.
 
Ah - så fint! Eg gledar meg til å komma igjen ein sommardag og sjå korleis det ser ut når det er grønt.
 
Då vi kom opp på neste topp kunne vi byrja å sjå mot....
 
...fjorden igjen. Vi var enda ikkje ved målet, for fyrst måtte vi gå litt...
 
...bortover fjellet.
 
 
No kunne vi sjå mot Rosendal òg.





Vi vurderte å stoppa på toppen av fjellet. For å nå varden på Kviteggjo må ein nemleg gå litt nedover igjen på framsida av fjellet - og skulle vi gidda det? I snø? Vi blei samde om å gå litt til, og litt til, og enda litt til, og...
 
....og enda sjølvsagt opp ved varden :-)
 
Og då fekk vi full oversikt over Omvikdalen - eller Dimmelsvik heiter det vel her kanskje.
 
Kan vel ikkje blir så mykje finare...
 
 
...enn dette??
 
Nei, så mykje finare enn dette kan det ikkje bli. Men vi er visst litt for vane med å få slik utsikt for vi var einige om at vi syntes det finaste med turen var å komma opp skogsvegen å sjå kor flott det var på toppen der. Så i stadenfor å eta nista og sjå utover fjorden byrja vi gå tilbake dit vi kom i frå.
 
For det var på "sletta" nedanfor meg her vi lika oss best :-) (Og nei, eg veit ikkje kvifor eg har laga meg til med å slå ut med armane kvar gong eg går i fjellet...)
 
Så då gjekk vi altså tilbake same veg vi kom ifrå og rigga oss til med nista vår på steinbordet i enden av skogsvegen. Ann Irene måtte pakka vekk knekkebrødet sitt, for i dag sku vi kosa oss med...
 
...nybaka foccacia og pastasalat. Mmmmm...passa godt som turmat det òg :-)
 
Og då vi var mett og god var det bare til å hiva seg utfor fjellet og...
 
....fly heim!!
 
Det hadde vel ikkje skjedd om eg hadde blitt trua med pistol eingong. Dette var to vi fekk auga på på veg ned att frå fjellet. Ikkje hadde vi møtt nokon som skulle hoppa i hangglaider på vår ferd, så desse må ha kome opp på framsida eller klart å sneke seg forbi oss ein eller anna plass.
 
 
Fantastisk flott tur som vi vil anbefala på det strekaste. Vi skal i allefall tilbake.Kom igjen folkens - alle mann til Kviteggjo!!




 
 
 

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)