mandag 6. mai 2013

Ikkje alle turar er lika kjekke....

...og turen Stian og eg har vore på den siste halvanna veka kunne vi godt vore for utan!

Det heile starta forrige laurdag. Medan mor dreiv og rota rundt i fjellheimen i Omvikedalen og var i ekstase over å ha funne fram til Kviteggjo, var guten mindre begeistra heima med byrjande omgangssjuke. Og etter som dagane gjekk ville denne omgangssjuka ingen ende ta. På fredag enda det med innleggelse på Odda sjukehus - guten var kraftig dehydrert og måtte få væske intravenøst. Testar blei tatt, men ein kunne ikkje sikkert kva dette var. Av ulike orsakar blei det bestemt at han skulle overførast til Haugesund sjukehus på laurdag. Så då bar det avgårde igjen. Guten i sjukebilen og mor på hjul. I allefall eit stykke - det gjekk ikkje så lang tid før eg missa dei av syne :-) Og då måtte Pyseguri finna fram i by'n sjølv :-)

Så etter eit par timar med køyring enda vi opp her:

På isolat og einerom.....

....A room with no view at all...

Her har vi då budd sidan laurdagskveld. Blodprøvar er blitt tatt i hopetall, men ein har enda ikkje funnet svar på kva dette er for noko - det er jo så mange virus å velgja i. Men, prøvane ser finare og finare ut og guten har byrja å føla seg betre, så no ser det ut som om det går rette vegen.

Vi har fått senger ved sida av kvarandre, kun adskilt av stativet som pøsar væske i guten. Medan guten er under behandling virkar det som om mor er på hotell. Sidan ein ikkje veit om dette er smittsom eller ikkje får ikkje guten bevega seg så langt, og eg har og litt restriksjonar - eg får blandt anna ikkje nærma meg kjøkenet. Då er det så kjekt at det heng snorer rundt i heile rommet - trekkjer ein i dei så kjem det prompte ein kelner inn døra som spring å hentar kva enn du måtte ynskja :-)  Eg er i så måte overbevist om at dei er temmeleg lei av oss allereie - utan at dei visar det på noko som helst måte.

Ja, det trur eg nesten eg må sjå ut som om eg er, for dei er veldig opptatt av og å få mat i meg - det verkar som om eg må ta igjen for det guten ikkje får i seg. Og eg som er så kresen på mat, tvinger i meg skjeva med kvitost (eg er ingen skjevefan), vrir meg unna sosekjøt og fiskekaker til middag og snik meg ned i kiosken og kjøper pizzastykker og cola... Men te, derimot, er eg blitt veldig glad i å ta imot :-) Var ikkje kruset eg fekk i går koseleg?

Det som ikkje er så koseleg, forutan heile denne sjukehusgreia i seg sjølv, er dette stativet som gjer Stian væska:

Intravenøsstativet. Bevares, det har gått mange liter inn i guten og sidan prøvane visar at det virkar så er det jo eit stativ med meining. Men det gjer i frå seg ein irriterande lyd og i mine øyrer høyres det ut som: Din psykopat - din psykopat - din psykopat - din psykopat etc. Ikkje så lett å høyra om dagen med all støyen frå avdelinga (barneavdeling = mykje lyd) og TV'n, men i natt har det konstant kviskra meg i øyra: Din psykopat - din psykopat - din psykopat....

Så sånn går no desse dagane - vi kjedar oss stort begge to - dårleg med underhaldning på dette sjukehuset. Eg fekk meg ein liten luftetur i dag då eg sneik meg ut for å kjøpa nye truser - eg hadde jo ikkje pakka for nokon tur til Haugsund... Ellers så er dette det einaste eg har fått med meg av friluftsliv denne helga:

Legg merke til at eg har slengt det lett synleg på senga slik at alle kan sjå det. Kjøpt med vilja for å gje eit lite hint til alle som er innom at vi, aller mest meg sjølvsagt sidan guten ikkje et nokonting som helst for tida, vanlegvis har litt andre interesser enn tv, chips, cola, sjokolade og pizza - he-he. (Men eg har lest det òg, altså)

No ventar vi på at legen skal koma på kveldsvisitten sin og opplysa oss om kva dei siste prøvane dei tok i ettermiddag visar før vi tar kvelden heilt.

Kryssar fingrane for at dei framleis visar framgong, at guten kjem seg raskt på beina igjen og vi får reisa heim om ikkje så altfor lenge:-)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)