onsdag 8. mai 2013

Medan guten er under medisinsk behandling....

...og blir stadig betre, heldigvis, er eg redd det går andre vegen med mor. Eg er fullstendig frisk, i allefall medisinsk sett, men 5 dagar stort sett sitjande og liggjande i ei sjukeseng kor eg har oppført meg som prinsessa på erta har no byrja setja sine spor. Her har forfallsprosessen sett inn på fullt, er eg redd.

Guten sitt bord:

Drikka og litt salte kjeks + han får jo fått mesteparten av næringa si intravenøst den siste veka. Eg antar det har vore sunne saker som kroppen treng :-)

Mor sin krok:

Eg veit ikkje heilt om dette biletet treng noko kommentar? (Og ja, med gardina trekt foran går det ikkje an for dei som kjem inn i rommet å sjå kva eg har gøymt bakom her...)

I tillegg så er dei jo, som eg skreiv i forrige innlegg, veldig ivrige på å mata meg her - og maten får eg servert på senga. Eller, i dag fekk eg lov å gå opp i kantina og finna meg middag. Kantina er heile tre etasjar over oss - takk Gud for heisen :-) Og så er det jo kiosk nede i vestibylen heile tre etasjar under oss - takk Gud for heisen :-) Sidan guten har mista mykje vekt den siste tida blir det ført nøye vekt på han morgon og kveld. No synes eg vekta har byrja å glisa mot meg kvar gong eg går forbi: "Kom her, kom her, så skal du få sjå noko løye.." Eg har så langt berre skubba ho utav vegen når eg har gått forbi.

Hvis ikkje vi får reisa heim no snart er eg redd eg innan stutt tid må legga vekk mine eigne kler og prøva å overbevisa meg sjølv om at dei sjukehuskjortlane som heng på ein knagg her slett ikkje ser så verst ut ;-)
 
Eller kva synes dåke - har eg ikkje blitt pittekyrande litt rundare i kjakande sidan dåke såg meg sist??
 
 
Og sjå der ja, no fekk eg nettopp servert kveldsmat - grandiosa pizza...akkurat det eg treng...









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)