fredag 10. mai 2013

Vår tid i Haugesund har enda ikkje...

...kome til ein ende. Guten føler seg bra og vi hadde håpa han ville få sleppa ut i dag. Men så er det ein prøve som ikkje er heilt som den skal enda, sjølv om den òg har byrja gå rette vegen, så då må vi bli i allefall ein dag til. Så no kryssar vi fingrane for heimtur i morgon, om ikkje anna så i allefall på permisjon. Skulle vi no vera så heldig å få reisa heim så må vi uansett tilbake på mandag for noko testing. Så dette var jammen omgangssjuka si, det!

For øvrig så har ein ikkje klart å finna ut kvifor guten blei så sjuk enda, så vi føler eigentleg at vi er med i ein "House" episode. Men med alle testane dei har tatt så må dei vel finna utav det snart.

Bortsett frå at vi kjedar oss stort, så har vi ikkje mykje å klaga på når det gjeld opphaldet vårt. Kongelege som vi er, blei vi i går flytta over gangen til eit større rom med eit TV med normale fargar, pluss....

...mykje betre utsikt en det forrige rommet :-)

I dag har mor og far vore på besøk og vi har fått på plass litt reine kler pluss fått sendt heim litt skittentøy. Eg har fått lurt meg ut på nokre handleturar innimellom og har blandt anna kjøpt meg ein ny...

....kosedress. Eg veit ikkje sjølv kva eg tenkte på ang. fargen - kanskje det var ei lengsla etter sol og sommar??? Eg har ikkje våga å bruka både bukse og jakke i lag utanfor rommet vårt - tenkt det kaoset det hadde blitt hvis ungane på avdelinga hadde fått snusen i at det budde ein teletubbi her!?!

Ein anna ting mor og far måtte ha med seg var joggeskoa mine. Dei siste dagane har eg nemleg kjent ei lita trang til å ta meg ein joggetur. Det skulle tyda på at eg, uansett kor mykje antibac eg har smurt meg inn med, må ha blitt infisert med eit eller anna virus under opphaldet her. Eg fekk tatt meg ein lengre spasertur i ettermiddag, så nå føler eg meg litt betre :-)

Ellers så er det ikkje så mykje å finna på her. Vi har sett enorme mengder med TV, vi har kjøpt oss eit par nye filmar som vi har fått sett (Life og Pi var slett ikkje så verst), lest mykje aviser, både papir og på nett + eg har kjøpt meg ei tjuuuuuuuuk pocketbok som heiter Russisk Vinter - heilt grei den òg. Ja, og så driv vi fortsatt og drar i desse snorene som heng rundt i rommet når vi treng noko og dei steller så godt med oss her, atte. Det høyres sikkert kjekt ut, men eg synes det er ganskje pinleg at eg, friske og vaksna menneske, ikkje kan bevega meg dei 10 metrane det er inn på kjøkenet og henta meg mat og drikke sjølv. Det skal bli godt å få komma heim og styra seg sjølv. Stian på si sida kunne godt tenka seg at vi fekk ei slik snor heima òg...

No sit vi her og ventar på at klokka skal bli så mykje at årets Idolfinale skal byrja og prøver å...

....kosa oss så godt vi kan. Vi taver hva vi haver - no når guten har slutta å spy får vi bruka spyskålene til noko fornuftig i stadenfor ;-)

Se så, det var ei lita oppsummering herifra - håpar alle har det fint heima :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)