søndag 12. mai 2013

Skal seia vi var raske med å pakka sakene våres...

...og koma oss i bilen då legen sa vi kunne få reisa heim i går :-) Og det føltes bra å komma heim til si eiga stove, få sova i si eiga seng og vakna til den vanlege helgemeldinga: "Hei, skal du vera med på tur?" :-)

Og det skulle eg jo - Låganåso skulle forserast i dag, for fyrste gang sidan eg risikerte liv og lemmer på å prøva å koma meg opp for ei stund sidan.

Eg var litt tidleg ute i forhold til turfylgjet mitt, så då fekk eg bruka kameraet mitt litt medan eg venta.

Kjekt å sjå at det har byrja å spira og gro - kanskje kan det bli sommar i år, tross alt?

Og jammen fann eg nokre firbeinte å ta bilete av i dag òg - desse låg og kosa seg i sola :-)

Eg rakk akkurat å nå inn til Kalkstasjonen og byrjinga på stien før...

...turfylgjet mitt kom travande. Mor og dotter - kven som er kven kan dåke jo studera på sjølve :-)

Åååå, det var tungt å komma igang igjen i dag. Eg har tross alt ikkje bevega meg så altfor mykje dei siste par vekene. Og eg som syntes eg hadde byrja å koma i brukbar form då vi gjekk til Kviteggjo. Men, men, eg får satsa på at det er slutt på innesitjinga no og at formen snart er på plass igjen. Og Låganåso...

...kom eg meg opp på i dag - det var meir enn eg greide sist eg prøvde.... Vi stoppa her, men vi såg 4 andre som klatra høgare og sikkert hadde tenkt seg på toppen for å stå på ski ned att.

Det skya til og blas kald vind på Låganåso i dag. Ja, så kaldt syntes vi det var at vi hadde ikkje lange pausen før vi byrja på turen ned att. Eg hadde jo tenkt å ha eit lite "fashion show" for å visa fram...

...dei flotte, fargerike, nye treningskleda eg fann i Haugesund på ein av dei få turane eg sneik meg til utanfor sjukehuset, men....


....Frikk, som viste med heile seg kor glad han var for å sjå igjen turkompisen sin, trudde vi skulle dansa - han og eg ;-)

Skulle eigentleg leita etter ei bukse, men fann meg sjølv brått i treningstøyavdelinga til H &M på Markedet og kom ut med det mest fargerike treningstøyet eg fann :-) Eg er ganske sikker på at eg kan gå trygt i skogen under jakta i år :-) Og så er eg så nøgd med å sjå at det passa perfekt til joggeskoa mine - eg som trudde det skulle bli full kræsj. Veldig nøgd med å ikkje vera ei grå mus i skogen lenger ;-)

Det var deilig å koma seg ut i frisk luft igjen i dag. I morgon skal vi tilbake til Haugesund ein tur for å ta nye prøvar av Stian. Vi kryssar fingrane for at dei framleis går rette vegen og at kroppen er i ferd med å bygga seg opp at etter å ha vore heilt tømt for alt. Det skal bli godt å koma igang med skule og jobb igjen no og koma inn i vante rutiner :-)

Ha ein fortsatt god søndagskveld, folkens!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)