fredag 17. mai 2013

Hipp, hipp, hurra og...

...gratulera med dagen, alle saman!

Her i heimen har vi ikkje stressa med å hverken pussa bunadssylvet eller bunadskoa i år. (Som vanleg, eigentleg) Vi hadde eigentleg tenkt litt på å feira 17.mai i Bergen i år, men pga dei siste vekers hendelse fann vi ut av vi heller ville slappa av og kosa oss heime. Det har gått greit å koma igang igjen med skule og jobb, men guten treng nok enda litt meir tid før han er tilbake i god, gamal form.

Og kosa oss heime er akkurat det vi har gjort, og ingenting anna. Kun avbrutt av eit par turar over vegen til mor og far og ein liten...

.....obligatorisk 17.mai fotoseanse :-)
(Sjekk dei bleike leggane - no må solo koma fram, altså)
 
Andre som hadde bestemt seg for å feira 17.mai i år er...
 
...Påskeliljene, som endeleg har bestemt seg for å blomstra :-)
 
Håpar dåke alle har hatt ei flott feiring av dagen og ynskjer dåke...
 
.... alle ein fortsatt strålande 17.mai kveld!
 
 
 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)