søndag 19. mai 2013

Malmangernuten...

...Skal vi gå på Malmangernuten i måro? Dette var meldinga eg fekk i frå turkompis Ann Irene 17.mai kvelden. "Ikkje om det smalt", tenkte eg. Eg har absolutt ikkje noko form inne til å bestiga Malmangenuten enda - så her måtte eg få ho på andre og betre tankar :-)

Så etter litt om og men hadde eg fått endra planen frå Malmangernuten til Skorpefjellet - eg tenkte det var høgt nok for meg 18.mai.

Far skyssa oss over fjorden...
 
...og forlot oss einsame på denne forlatte Ø'. Det var ikkje heilt sant - det var folk overalt både i hytter og hus denne helga :-)
 
Og for ein dag det vart - brått hadde sommaren bestemt seg for å koma, og det meir eller mindre over natta! Og vi fekk ikkje mindre sommarstemning av dette:
 
Masse kvitveis og gule blomar som sikkert har eit navn eg burde kjenna til..
 
...Eg veit ikkje om det kjem fram, men det var ein utruleg grønfarge på desse trea langs vegen opp mot øverste gard.
 
Og derifrå får ein og ei fantastisk utsikt over Uskedalen!
 
Far hadde satt oss i land på ein kai på framsida av Skorpo. For å finna turevegen måtte vi då traska igjennom både hyttehagar og gardstun. Hvis ein går i land lenger inn i vågen vil ein ganske kjapt møta på turstien og det einaste tunet ein må gå igjennom er den øverste garden. Vi var no så heldige å få omvisning både på tun og i eldhus før vi kom så langt :-)
 
Men, vi hadde det jo ikkje travelt, så dette hadde vi tid til. Likevel, etter ei lita omvisning fortsatte vi turen og snart var vi...
 
 
...på veg mot toppen av Skorpefjellet :-)
 
Det var varmt, du verden så varmt det var å gå inni skogen der. Vi heiv av oss det vi syntes vi kunne hiva av oss utan å virka for usømelege på tur. Eg var så uendeleg glad for at eg hadde satt foten ned ang. Malmangernuten der eg pusta og pesa meg fram mot toppen av Skorpefjellet - ein liten fis i forhold til Malmangernuten...
 


Likevel, turen var faktisk litt kortare enn eg huskar han frå i høst - den einaste gongen eg har vore her tidlegare. Og når ein kjem litt opp i høgda kan ein snu seg og sjå dette innover fjorden :-)
 
Endeleg oppe og Ann Irene skriv seg inn i boka.
 
Det var deilig å endeleg koma seg opp på toppen kor vi fekk litt vind i håret. Og når ein fyrst har kome seg opp, har ein heilt gløymt at ein var litt sliten for 2 sekundar sidan, og det er klart for det obligatoriske...
 
...hoppebiletet. Og tru meg, eg må hoppa maaaaaaaange gonger før AI klarer og festa det på film ;-)
 
Denne gangen bestemte vi oss for å gå ned til vatnet og sitja på kanten mot Uskedalen før vi tok fram nista. På vegen blei det for fristande...
 



...eg måtte testa vatnet. Som dåke ser var eg veldig nøgd med temperaturen...
 
...jukekors...
 
Vi fann oss ein flott plass å slå oss ned og kvila. Så nøgd med plassen var vi at vi gav ein lang marsj i at vi måtte dela den med litt meir enn eit par pissemaurar. Før maten passar det jo med litt sang, og Ann Irene hadde huska å ta med seg...
 

 

Naturbarnas Songhefte, og sang av full hals :-)
 

Sjekk den flotte utsikta vi hadde!
 
Sjeldan har det vel passa betre med litt sprudlevatn på tur ;-) Og medan nokon framleis må pakka ned krystallglasa sine (jugekors igjen)...
 
...er andre utstyrt med skikkeleg turglas!
 
Eg har litt problem med å skjøna kvifor vekta ikkje går ned etter alle desse turane våre, men det har kanskje si naturlege orsak...
 



...men du verden så mykje betre dette er enn knekkebrød med brunost!
 
Vi sat og kosa oss både vel og lenge før vi fann ut at det var på tide å ringa han far etter skyss og koma oss ned til fjorden att. Vi hadde sikkert site enda lenger hadde det ikkje vore for at det verka som om pissemaurane hadde lagt ut rykte på Facebook om at dei hadde heime-aleine-fest på berget det vi satt...
 
Så då forlot vi folk og fe på Skorpo og reiste heim igjen over fjorden.
 
Ein tur til Skorpefjellet er absolutt å anbefala! Ikkje for kort og ikkje for lang tur - akkurat passe både for gamal og ung, vil eg tru :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)