tirsdag 21. mai 2013

I går var det på tide å trappa...

...ned litt før ein skulle ta fatt på kvardagen igjen. Så då blei det ein liten tur med mor og far i Ænesdalen.

Her er det flatt og fint, kun ei motbakke i byrjnga av turen.
 
Her er Svartaberget, Ann Irene!
 
Som sagt, kun ein bakke på denne turen, og når ein har nådd toppen av den er det klart for den obligatoriske....
 
.....fotoseansen på benken :-)
 
Så, berre ein kort spasertur til så kjem ein til den vakre plassen...
 
....Hølen! Som dåke ser så byrja det å drypla litt regndråpar når vi kom så langt.
 
Ellers så var eg ikkje så nøgd med korleis det såg ut her i dag. Det var slett ikkje så flott som det plar gjera - det såg rett og slett ut som eit...
 
...rothøl!
Her bør nokon føla eit kall og rydda opp slik at det blir like fint her som det skal vera.
 
Og eg som alltid har innbilla meg at dette er Gygrastol - og så er det berre Skrunten/Skronten! Og Skrunten/Skronten rekk jo berre Gygrastol til...
 
...navlen!!
 
Ein liten spasertur til og vi får Setra i...
 
...sikte :-)
 
Her var vi komen til turens ende denne dagen. Men her kan ein enda gå laaaaaaaaaaangt innover dalen.
 
Ei lita nistpause før vi returnerar til start - i vårt tilfelle parkeringsplassen ved Ænes kyrkja.
 
På vegen traff vi på denne saken - kan det vera ei avansert utgåve av ei turistfelle???
 
Her har i allefall mor vikla seg inn i ei enklare versjon av ei turistfelle ;-)
 
Sjølv om det kom litt regn i går gjorde det ingenting - dette har uansett vore ei fantastisk flott Pinsehelg!
 
 

 
 
 
 

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)