fredag 27. desember 2013

Jula går no sin skeive gang...

...her på bobla. Må seia eg er rimeleg lei av dette juleveret vi har fått i år, så då blir det å bruka tida inne til å "trøstespise" ;-)

Nyebilen kom til gards Vetlejulafta - det var stas:

Ikkje noko knussel å kjøpa bil - fekk utlevert både champis og blomar i tillegg + Magnhild stilte med eit musikkinstrument eg ikkje skal våga meg på å stava navnet på her og bles ei flott fanfare :-)
 
Det som er litt dumt med å kjøpa bil i jula er jo at eg ikkje skal så mange plassar, så eg har jo ikkje fått testa den så mykje endan. Men så langt har det gått overraskande greit med automatgir, men digitalt speedometer slit eg litt med :-) Eg skal nok finna utav ting og tang i dette "romskipet" mitt etterkvart - mange knappar og duppedittar som skal utforskast :-)
 
Bortsett frå bil så har eg jo og vore opptatt med å gjera ferdig juleverkstaden min:
 
I år blei det tova/filta julekuler i diverse fargar og størrelsar :-) Det har eg ikkje prøvt før, men det var ganske artig å halda på med.
 
Men det kjekkaste i juleverkstaden i år var å laga "melkekartongar" som eg pakka gåvene inn i:
 
 
 Fann ein mal på små "melkekartongar" på nett, og så var det berre til å finna julemotiv, leika seg i photoshop'en, skriva ut og bretta og lima :-) Dog, ikkje lika lett å finna julepresangar som passa oppi, men det gjekk :-)
 
Tok visst ingen bileter på julafta i år, men det blei både god mat og fine presangar. Eg fekk alt i frå truger, til stavmiksar (2 faktisk) til rosa tøffler. Fekk og ei fin, men skrekkeleg irriterande julepute til sofaen - den har BJELLER - i alle fira hjørner.... Men alt i alt nøgd med alle presangane i år :-)
 
I går var det faktisk OPPLETT ute - så då strauk damene til skogs med sekkane full av gløgg og anna julegodter :-) Sjølvsagt etter mørkets frambrudd :-)
 
 
 Dette var koseleg! Vi tente bål, drakk gløgg og litt champis, åt pepparkaker og brezeln og spela Jentespelet med spørsmål med svar som eg trur skal forbli i skogen... ;-)
 
Når bålet og faklane byrja brenna ut var det på tide å pakka saman og prøva å finna vegen...
 
...heimatt i mørket :-)
 

I dag var det tilbake til drittveret, så bortsett frå ein liten tur til kalkstasjonen og Husnes har eg stort sett sete i ro på rumpen i sofaen - der bli eg resten av kvelden og :-)
 
Ha ei fortsatt god jul, folkens!
 



 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)