lørdag 25. januar 2014

Etter å ha filosifert litt om fuglar på føremiddagen....

....fann nok Ann Irene ut at eg absolutt trong å koma meg ut i frisk luft!

Så då var det berre til å kle seg godt og køyra opp til endes av Fjellandsbøvatnet. Sidan det er ganske vindfullt ute i dag, valgte vi oss eit ope lende - vi ville jo ikkje risikera å få noko i hovudet!

Til mi store overrasking kunne Ann Irene opplysa om at ho aldri hadde vore så langt borte at ho hadde sett rett ned i Matre og Matrefjorden før - så då måtte vi jo gå bort dit.

Heldigvis bles det mot Fjellandsbø og ikkje andre vegen, for då hadde vi nok flaksa utforbi stupet :-)
 
Eigentleg litt farleg og vifta slik med armane i dagens vind....
 
Eg hadde sjølvsagt med kameraet mitt med gorillapod'en på i sekken, men det bles altså så mykje at eg ikkje orka ta det fram og byrja surra med det i dag. Difor blei det kun tatt bileter med mobilen. Og utsikten herifrå passa jo utmerka til å ta litt panorama bileter igjen..
 
Blei det ikkje flott? Matresvingane, Matrefjorden og Ulvanåso samla på eit bilete :-)
 
Her er eit til :-)
 
Eg er ganske nøgd med desse bileta - synes det blei flott med snødekte fjell og den grøne fjorden.
 
På veg tilbake gjekk vi nedom dei små vatna som ligg her. Ganskje idyllisk om sommaren, men i dag låg dei isdekte. Isen såg ut til å vera ganske tjukk, men vi fann det best å ikkje bevega oss utpå. Held det seg kaldt ei stund til (kaldare her oppe enn nede i bygda) så er jo dette ein fin plass å ha bålpiknik og stå litt på skeiser :-)
 
Berre sjå, ikkje gå..
 
Utifrå sprekkene i isen så såg den ut til å vera trygg, men ein veit jo aldri.
 
Denne steinen passa jo fint til litt posering :-)
 
Løye kor lett og ledig noko som eigentleg er pinnestivt kan sjå ut på bilete ;-)
 
Vi hadde ikkje tatt med noko nista i dag - skulle jo berre gå ein liten tur. Så noko rasting eller lengre stopp blei det ikkje på denne turen. 
 
Men pausar for litt meir panorama fotografering blei det. Her frå ein topp på tilbakevegen.
 
Mot Ulvanåso.
 
Her hadde eg jammen klart å få Ann Irene med på biletet og :-)
 
Matrefjorden, Ulvanåso og utsikt mot Uskedalen i eit og same bilete :-)
 
Ja, det var ein frisk tur i dag, men med gode kler så var det ikke så farleg meg litt vind :-) Kan ellers anbefala alle denne turen. Det er enkelt å gå, ikkje så langt og så får ein ei flott utsikt :-)
 
 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)