torsdag 2. april 2015

Ja, ja, Skjætorsdag i dag...

...og sola skein jo ute då eg stod opp :-)

Her var det berre til å gjera seg klar til å gå ut å nyta dagen. Trudde nesten eg måtte gå aleina i dag inntil eg oppdaga at mobilen min hadde fått det for seg at han skulle ta Påskeferie i flymodus. Retta opp i det og brått fekk eg svar på både den eine og andre meldinga mi. Då ordna det seg med turselskap og, og Marit og eg var plutseleg på veg opp Pålavegen.

Trugene hadde vi på ryggen, og vi trudde kanskje vi ikkje måtte så langt før vi kunne ta dei på. Men til tross for at det var rikelege med snø då vi passerte tredeje sving, gjekk det heilt greit å gå på beina oppover. Vi gjekk faktisk på beina heilt til endes av vegen kor vi såg denne karen:

Litt molefonken - han må nok venta ei stund før snøen forsvinn rundt han i år :-)
 
Her festa vi trugene og gjekk siste biten opp på fjellet på desse.
 
Vi gjekk i fin sol oppetter skogsvegen, men no skya det litt over og det var litt kaldt vind difor gjekk vi berre nett opp på vidda.
 
Har vore folk før oss her :-)
 
Labbe, labbe....
 
...ta bilete då, ta bilete då!
 
Vi bestemte oss for å gå litt nedover vegen igjen og setja oss i skråningen med litt kaffi og solbærtoddy. "Her er det fint!", sa eg, og fann ein stein i ei skråning kor vi kunne sitja. Marit hadde tatt av seg trugene og strevde litt med at ho gjekk igjennom snøen då ho prøvde å koma opp til meg. I neste sekund høyrer eg eit vræl og ser Marit fly to meter bakover ned på vegen igjen. Kvar er oddsen for at dette skal skje - trur dåke ikkje det låg ein orm akkurat der Marit trakka igjennom snøen???!!! Skal seia A.Enæs pitla seg rimeleg rask ned på vegen igjen og - her skulle vi i allefall ikkje sitja!!
 
Vi tusla litt lenger nedover. "Kor skal vi ta pause?", seier Marit. "Eg har ikkje lyst å sitja på stein og nærme lyngen", svara eg. "Eg trur vi sit oss på snøen midt i vegen", sa eg.
 
Som sagt så gjort, rett etter ein sving pakka eg ut sitjeunderlag og termos medan eg mumla "skulle ikkje forundra meg om det kom ein snøscooter ned lia no".
 
Eg hadde slått solbærtoddy opp i koppen min og nett tatt to slurkar då eg syntes eg høyrte noko. "Eg synes eg høyrer ein snøscooter", seier eg. "Nei, eg høyrer ingenting - kor skulle den koma i frå?", svara Marit. "Ovante", svara eg. "Eg er sikker på at eg høyrte ein snøscooter!". Så snur eg meg og ser oppover - der kjem fyrst ein hund springande - og etter den ein snøscooter! Kva er oddsen for at det skal skje?? Det var berre til å hiva seg rundt, få sekk, stavar, sitjeunderlag, termos og seg sjølv utav vegen så ikkje ein skulle bli nedkøyrt.
 
No fann vi vel ut at det var like greit vi berre pakka saman og kom oss ned skogsvegen til bilane igjen før det skjedde enda meir saker som ikkje hadde så høg odds for at skulle skje på ein liten tur i Pålavegen :-)
 
Så då gjorde vi det - pakka sakene og gjekk ned att. Sola kom fram igjen på veg ned, og vi møtte litt folk på veg opp.
 
Fin, men litt rar, Påsketur dette :-)
 
 

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)