lørdag 2. mai 2015

Ooophs - I did it...

...again...

I fjor visste eg ikkje betre, men i år gjorde eg jo det - likevel presterte eg å foreslå for Magnhild at det var på tide med ny tur til Ulvanåso i dag - frå Tveitedalen - på ski... Eg meiner, bør ein person som knapt tør stå på ski over ein fartsdump i det heile tatt vita om at det går an å gå på ski til Ulvansåso???

I tillegg prøvde eg å lokka med meg Ann Irene, men ho måtte melda fråfall i siste sekund. Ho fekk heller sjå om ho rakk ein tur opp Pålavegen. I mitt overmot påstod eg då at det var tøffare oppoverbakke enn til Ulvanåso på ski. Sånn er det berre - av og til har eg det i meg å lyga så det renn av meg...

Men Magnhild er jo med på stort sett alt eg foreslår, så kl. 0845 i dag tidleg stod ho på tunet for å henta meg for dagens utflukt :-) Ein liten stopp på Spar på Valen for å handla nista og så var det full rulle inn til Tveitedalen.

Dagens turmål :-)
 
 
Vi lurte litt på om dette var grunn god nok til å snu??

Vi var litt usikre på kor langt opp vi måtte bera skia i dag, med dei snømengdene vi har i fjellet i år var vi redd dei måtte på tidleg. Men der tok vi feil. Snøsmeltinga i Tveitedalen har kome langt og vi kunne bera skia opp heile skogsvegen og nesten heile stien. Før siste topp opp til Dyrrindo måtte dei på. Eg satsa på kortfellene i dag, men de funka ikkje heilt bra her i byrjinga av turen. Det var framleis litt hardt så tidleg på dagen og litt bratt opp til Dyrrindo,og eg måtte jobba bra på med armane.

 På veg inn til Dyrrindo

Vi kunne ikkje fylgja denne pila i dag..

1 time og 13 minutt brukte vi opp til Dyrrindo i dag. Var nøgd med det - var enda langt igjen.

I fjor gjekk vi turen siste helga i mars. Då bar vi skia heilt opp bakken bak Dyrrindo før vi kunne ta dei på. Her var det for bratt å koma seg opp i år og løypa fortsatt difor forbi Dyrrindo og runda fjellsida der. Her var det hardt, dårleg spor og rett ned på eine sida. Eg var stiv av skrekk og tissa nesten ein skvett i buksa medan eg såg etter flukt moglegheiter. Dei fantes jo ikkje så eg måtte jo berre fortsetja. Medan Magnhild ikkje såg ut til å bry seg ein døyt, der ho labba avgårde på smørefrie ski med langfeller, lista eg meg etter balanserande på stålkantane mine medan eg prøde å rekna ut kor mykje eg hadde på sparekontoen min og kva det ville kosta å rekvirera helikopter ned att i frå fjellet...

Eg kom meg rundt og opp ein litt hard og skummel bakke til, men så var det ikkje så skummelt lenger. Det gjekk framleis på opp, men her hadde sola allereie gjort snøen mjukare. Då fungerte det litt lettare med kortfellenene og turen vart brått litt kjekkare :-)

Oppover og bortover bar det med oss. Vi var ikkje dei einaste på tur i dag og vi slapp både den eine og den andre forbi oss på veg oppover - vi hadde det jo ikkje travelt.

Oppover...

...oppover... Nåso i sikte :-)

...og oppover.

Endeleg nådde vi snøhola/mathola. Vi kvila og fekk i oss litt mat og drikke ved ein stor stein som stakk opp like før hola. Veldig nøgde med turen så langt - eg var ein smule bekymra for nedfarten.

Matpause :-)

Fantastisk utsikt...

....så langt auga rakk.

Kom stadig fleire skigåarar bak oss.

Men så skjedde det noko! Nedover fjellsida kom det ein kar i stort tempo. Svinga så flott frå sida til sida nedover - akkurat der kor eg sa til Magnhild at vi måtte køyra sikksakk nedover. Så gjekk det ei stund og der kom det enda ein kar sikksakk nedover - ein eldre herremann - i veeeeeldig saaaaaagte tempo. "Der," sa eg, "der har du meg!" "Akkurat slik og akkurat i hans løypa skal eg koma meg ned!" Eg hadde sett lyset - eg såg at eg kunne overleva turen. Lite ana eg då at nokre timar seinare ville denne karen fortona seg som ein heftig utforkøyrar i forhold til meg....

No var humøret på topp - og brått låg eg fyrst i løypa oppover. Magnhild hadde brått fått ein heilt ny turven og sjølv om eg prøvde å forklara at eg vanlegvis ikkje blei så begeistra for herremenn på 80+, så trudde ho ikkje heilt på meg. Eg glisa kvar gong eg gjekk forbi plogespora hans - vel vitande om at dei skulle eg fylgja ned og. Lite ana eg då at nokre timar seinare hadde eg gløymt både mannen og løypeplanane mine....

Så blid på tur :-)

No fekk vi Ulvanåso i sikte - flott syn. Vi var begge einige om at vi slett ikkje skulle over siste biten - der går vår grensa. Iom at vi allereie no visste det, fann vi ikkje noko grunn til å gå opp siste bakken. Vi valgte difor å stoppa i bakken før og slo leir i god avstand til snøskavlane vi hadde bak oss.

Ulvanåso :-)

Fasinerande snøskavlar.


Rett ovanfor leiren vår.

Meir utsikt mot Nåso.

Og enda meir snøskavlar.

Utsikt framfor oss.

Magnhild kosar seg i leiren vår.
 
 
Det gjorde eg og :-)
 
Og så delte vi ei slik - utan at det hjalp nemneverdig på mine skiferdigheiter..
 

Og enda meir utsikt.

Du og du kor flott - og du og du for ei utsikt! Sola steikte og vi var skjønt einige om at vi ikkje kunne få det betre. På sjølve toppen av Nåso kunne vi sjå at enkelte våga seg over siste biten medan andre gjorde som oss og stoppa før. Vi kosa oss med niste og drikke og Magnhild spela litt musikk til oss. Det var jo eg som hadde tenkt å imponera med det. Hadde tatt med meg den nye høgtalaren eg har kjøpt til kajakken min, men det hjelper jo ikkje med bluetooth høgtalar når mobilen går tom for straum. Det hjelper heller ikkje å dra med seg ekstra powerpack til mobilen når ein er så smart at ein legg ledningen som skal kobla dei saman igjen i bilen....

Brått drar eg kjensel på ein kar som kjem gåande på opp - det var min tidlegare kollega Widar som og var på tur til Nåso i dag. Eit slik treff måtte vi jo sjølvsagt dokumentera :-) Widar skulle litt lenger enn oss, men hadde tid til ein liten pausestopp på veg ned att.

To, tøffe (eller kanskje ein tøff og ein tøffel) gamle kollegaer som traff kvarandre på tur idag :-)


Så såg vi ein litt liten og litt større kar som kom oppover. Det var ein son og far i frå Uskedalen. Guten er ikkje meir enn 9 år, men labba i veg oppover som om han aldri hadde gjort noko anna. Vi fylgde med dei oppover og jammen så gjekk dei over siste biten og. Tøft gjort av guten og gode nerver på faren, spør du meg :-)

Etter å site og kost oss både vel og lenge i sola og sett at alle andre var forsvunnet nedover fjellet igjen, bortsett i frå far og son, fann vi ut at vi fekk pakka sakene våres vi og. Det såg jo så fint ut no, med slush snø, så eg valgte å ta fellene av skia.

A. Enæs på blankpolerte ski nedover fjellsida - sola måtte ha laga ei kortslutning i kroppen ein eller anna plass.... Frøken Plog fekk trøbbel frå fyrste sekund - no var det jo altfor mykje slushsnø - tungt som bly! Eg har jo ikkje EIN muskel i låret eg som klarer å skyva til sides slik snø. Så då blei det armane fram og planta skistavane godt foran meg, tsju-tsju-tsju, stiltra meg etter armane - og sånn fortsatte eg nedover... Magnhild, som er av eit heilt anna skikaliber enn meg, dansa seg nedover bakkane. Nokon plasser turde eg å sleppa meg litt laus - i sånn ca. 5 meter og så var det på an igjen med armane framfor meg.

Det gjekk seint - det gjekk skrekkeleg seint og eg var ikke komen langt før far og son og passerte meg. No gjekk eg der i vissheit om at eg var absolutt sistemann på veg ned i dag. Ikkje at det gjorde meg noko.

Omsider kom eg meg så langt ned at det blei litt anna føre og lettare å ploga. Men eg var jo og så sliten i beina at så mykje raskare gjekk det jo ikkje likevel. Og nedoverbakker er framleis skumle greier.

Då eg eingong klarte å renna litt framover/oppover - certainly not nedover, utan å bremsa eller laga fart med stavane, fann eg ut at det var på tide å spytta ut tyggisen. Den havna sjølvsagt i håret... Og sjølv om eg no var sikker på at eg ikkje skulle treffa på meir folk, så tenkte eg at eg såg tåpeleg nok ut der eg kava på om ikkje eg skulle ha tyggis klistra i håret og. Så då var det å vifta med armar og bein og prøva å finna bremsen slik at eg kunne stoppa og redda nokre tuster i får den sikre tyggisdøden. Fekk no tyggisen laus, men er litt usikker på om håret no er lika langt på begge sider...

Noko meir spanande skjedde faktisk ikkje på veg ned. Eg brukte alle måtar som går an på å koma meg ned - litt ski - litt gåing - litt forsøk på å aka på rumpa etc. etc. Ein augenblink funderte eg på om hvis eg tok eit foroverstup ned i snøen - ville eg då vera tung nok til å laga tunnel under snøen og koma fram att heilt nederst??? Eg valgte ikkje å prøva..

Vi bestemte oss for å droppa den skarpe svingen og peisa rett over toppen slik at vi kunne gå rett ned til Dyrrindo - der kor stimerkinga eigentleg er. Bratt, men vi kom oss ned og var ikkje dei einaste som hadde valgt den løysinga.

Her hadde noko sola stått på i heile dag, så her var det i allefall djup, pillroten snø! Den siste bakken ned måtte vi gå sidelengs. Halvvegs ned gjekk eg på rygg, reiv av meg skia og sat meg på rumpa utfor. I motsetnad til lenger oppe gjekk det her så det suste. Litt fortumla nederst i bakken lurte eg på kvifor eg ikkje hadde kome på dette allereie øverst i bakken?

Litt banning - mykje banning faktisk, og syting og eg rakk endeleg igjen Magnhild der kor vi kunne ta av oss skia igjen. Det var eit gledens augneblink - no var eg ikkje så begeistra for verken snø eller ski lenger...

Definisjonen på LYKKE ;-)

Åååå, så godt der var å ha fast grunn under beina att! No var det berre siste biten ned på sti og skogsveg att før vi var ferdige med turen.

Vel nede var vi einige om att vi hadde hatt ein superduper tur, om enn litt strevsom, og at sjølvsagt skal vi ta turen igjen til neste år :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)