søndag 9. juni 2013

Etter forrige innlegg forventa dykk vel....

...at det skulle koma eit teltturinnlegg no? Men, nei - det gjer det ikkje. I helga har vi jo ikkje hatt tid til noko telttur - vi hadde jo eit bryllaup vi skulle feira!

Som vanleg, og ikkje heilt uventa, hadde Posten rota vekk invitasjonane våres, så nokon Stocholmstur vart det ikkje på oss. I dette tilfelle må vi vel kanskje skulda det på oss sjølve iom at vi må innrømma at vi har hatt eit litt betre auga til Jonas enn Madde - han er jo ein liten smule meir glad i oss nordbäggar enn prinsessan....

Okkesom, vi er hverken vonbroten eller snurtne for manglande invitasjon - vi veit jo og feira likevel vi :-)

Kaka verdt eit svensk kongeleg bryllaup blei baka og sprudlevatn lagt på kjøl....

....og finstasen komen på. Som dykk ser så var ikkje fargevalet heilt tilfeldig i går ;-)

I motsetnad til Madde og Chris, som hadde bedt inn hudredevis av prominente gjester frå heile verda, dei fleste sikkert ukjente for dei sjølve og, hadde vi ikkje bedt inn nokon. I så måte slepp vi unna krangelen Madde og Chris no antagelegvis har: " Eg trudde det var di tante?" "Nei, eg har aldri sett mennesket før - eg trudde det var di tante?" "Du kunne ha snakka til han fetteren din som gjekk rundt og skvulpa champagne og elga seg oppetter alle venninnene mine!" "Eg har ingen fetter???!!". Nei, slike kranglar har ikkje vi, så når alle tre var på plass var det på tide og starta feiringa:

Litt sprudlevatn må til...

Skål for brudeparet!

Og som i dei fleste bryllaup så er det nokon som tåler sterk drykk litt mindre enn andre...Og det som hjelper då er...

...å få i seg litt mat. Det var på tide å spretta kaka :-) Var ikkje så verst på smak den, om eg skal seia det sjølv :-)

Og medan Madde i dag fortset og hakka på Chris om fetteren som skvulpa champagne, onkelen som trakka alle dansepartnarane på tærne og mor som tissa i blomsterurnene, slapp vi unna alle tillaup til skandaler. Vår fest gjekk pent og pynteleg for seg. Det einaste vetle utbruddet som evt. kunne ha utvikla seg til nok meir var når Ann Irene gjekk over frå sprudlevatn til Mojito og ikkje fekk paraply i drinken sin. Løysningsorienterte som vi er fiksa vi det og....



...skulle ho ha paraply, skulle ho få paraply!

Feiringa gjekk mot slutten og så gjorde eg noko eg ikkje trur eg har gjort før - haika heim sjøvegen! Det dukka opp ein turist som ville gjera opp sine skyldner med Marit (kan ein ikkje fiska reker sjølv, må ein kjøpa :-)). Og det passa jo meg fint, for istadenfor å måtta traska igjennom heile bygda heim vart det no ein rask båttur omtrent heilt heim på døra :-)


Så slik feira vi altså prinessebryllaupet i går. No ser vi fram til, og håpar, at prins Carl-Philip endeleg kan få si Sofia neste år - då skal vi vera klar til å feira kongeleg igjen :-)

Heia Sverige - no er det sommar og sol og eg må koma meg ut :-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)