mandag 10. juni 2013

Eg er nok blitt litt rusten i bakefaget,...

...som om eg nokon gong har vore noko anna i dette faget, men ein kan jo ikkje feira bryllaup utan ei skikkeleg bryllaupskaka - og i allefall ikkje eit kongleg eit.

Så då hadde eg ikkje noko val på laurdag, eg måtte berre setja i gong og baka. Eg må vedgå at sjølve bakeprosessen intresserar meg ikkje så mykje - det seier seg vel sjølv når eg til og med finn det å baka ein sukkerbunn utfordrande.... Nei,  i motsetnad til Pascal, som er mest opptatt av smaken, så er eg mest opptatt av pynten :-)

Men, skal ein pynta ei kaka, så må ein jo ha ei kaka å pynta, så her kjem oppskrifta på
Maddes bröllopstårta:

Ein baker 1 stk. sukkerbrød (eg bruker oppskrifta på sukkerposen). At botn heng fast i bakeforma treng ein ikkje seia til nokon - det er ingen som skal sjå kaka oppned uansett...
 
 
Eg delte sukkerbrødet i 3 deler. For å spara tid og ikkje bruka altfor mykje tid på fyll og slikt (kakefyll altså), tydde eg til ferdig jordbær mousse (pulver som berre skal piskast med melk) frå Dr. Oetker på på lag 1 & 2. På lag 2 drog eg til med eit lag jorbær og, sidan eg no hadde kjøpt det inn.
 
Til slutt legg ein på lag 3. Sidan kaka skulle vera kvit, valgte eg no å dekka heile kaka med eit lag med kremfløyte blanda med ein halv boks Mascarponeost. Ingen sukker - tru meg, kaka blir meir enn søt nok uansett.
 
Og så var eg komen så langt at moroa kunne byrja. Eg får litt spørsmål om korleis eg får marsipanen så kvit? Det løyser eg ganske enkelt med ikkje å bruka marsipan i det heile tatt :-) Eg er nemleg blitt mykje meir glad i sukkerpasta/fondant. Dette finnes det mange oppskrifter på, men den absolutt enklaste og raskaste oppskrifta eg har funnet på denne er:
 
Marshmallowfondant:
 
200gr marshmallow
2ss vatn
2ss Flott matfett
ca. 300gr melis
 
Sett marshmallow og vatn i mikroovnen på full styrke til marshmallowen smelter og esar seg opp. Rør inn matfett og melis litt etter litt. Voila så har du laga:
 

Marshmellowfondant! Denne kan brukas til å dekka kaka og laga all mogleg dekorasjon.
 
 
No var eg kome så langt at eg hadde fått kjevla ut fondanten og dekka kaka med den. Hvis ein kjevlar det ut så det dekker kaka med god margin så slepp ein den bretten som ein ofte slit med på eine sida av kaka hvis ein har kjevla ut slik at det akkurat dekker kaka. Litt kronglete fortalt, men dei som har pynta ei kake med marsipan/fondant skjønar nok kva eg meiner :-) Som dåke ser så har eg laga rutemønster i fondanten - og som dåke ser så har eg nok vore litt unøyaktig. Ingen fare, dette fiksar ein på etterkvart som pynten kjem på:-)




Og pynta var eg klar til å byrja på no:

Og sidan det var svensk bryllaup, måtte ein jo pynta i svenske fargar ;-) Putlearbeid - kvar einaste perler er limt på med "matlim". Ein kan sjølvsagt og bruka :
 
Royal icing:
1 eggehvite
1/4ts sitronsaft
ca.3,5dl melis
 
Eh, ja, roser er nok heller ikkje mi sterke side, men, men... Det finnes sikkert mange youtube videoar på korleis ein skal laga desse, men det har eg ikkje tolmod til å sjekka ut. Dei fekk bli som dei blei. Dei er forøvrig laga av marshmallowfondanten dei og, som eg har farga med pastafarger. Eg har kjøpt desse på nett, f.eks på Cacas eller Kakeboksen. Vanlege konditorfargar duger ikkje heilt til dette. Eg var fyrst veldig lite nøgd med blåfargen på rosene, men så viste det seg jo at fargen passa perfekt til perlene :-) Litt "glimmer" prøvde eg å ha på dei og - det må jo glitra litt i bryllaup:-) 
 
No gjenstod det berre å sprøyta ein gul kant med royal icing rundt kaka (ja, han var litt for blaut denne gangen) og så hadde eg fått ferdig:
 
Maddes bröllopstårta :-)
 
Ja, var ikkje denne kaka god nok for Sverige's prinsesse, så veit ikkje eg. Det var ingen som datt av stolen av begeistring av smaken, men eg syntes ikkje ho blei så verst på smak, eg :-) Gjestene forsynte seg i allefall fleire gonger :-)
 
 
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)