fredag 7. juni 2013

Ja, no skal det bli greier....

...trur dåke ikkje Naturbarna har gått henn og kjøpt seg turtelt?!?!

No har vi fabla om nytt telt og telttur så lenge at det var på tide å gjera noko med det, så når MX sport no hadde tilbod på telt var det ikkje meir å tenka på - her måtte det handlast! I går var eg raskt innom butikken og svipp, svapp så kom eg ut att med eit flunkande nytt Bergans Compact 3-persons telt.

I dag var det tid for prøveoppslåing av vidunderet. Det står nemleg i bruksanvisninga at det anbefalast å ta ei prøvemotering. Det kan gje nyttig erfaring då det på turar ofte er mørkt når teltet skal slås opp. Eg trakk eit lettelsens sukk då eg såg at det faktisk stod det i bruksanvisningen - at det ofte er mørkt når teltet skal opp, altså. Det betyr at det ikkje berre er eg som har gjort meg den erfaringa. Ja, for dette er jo ikkje nok nytt for oss - vi har jo erfaring frå telting så det held. 2 av oss har nemleg vore på heile ein (1) teltur før og 1 av oss har nesten vore på ein (1) teltur før. Og har du ikkje fått meg deg rapporten om den turen kan du ta ein kikk her: Villmarkens døtre

Kl. 19.00 skulle vi altså møtast i kveld for prøveoppslåing, men då klokka klang mangla vi eit naturbarn. Ho var då sjølvsagt og sprang i fjellet (kor ellers), men det stoppa ikkje oss andre to...

...vi kjørte berre inn til Ann Irene og byrja setja opp teltet i hagen hennar...
 
....og dette gjekk jo leikande lett. Det var jo kun tre stenger - og dei hadde attpå til fargekoder som gjorde at til og med eg skjøna korleis dette skulle gjerast :-)
 
Vi var veldig imponert over teltet - og oss sjølve - og heile sulamitten var jo komen på plass då Ann Irene endeleg dukka opp. Ikkje skjønar eg kvifor ho lo av oss heile vegen ned brekka og til ho hadde parkert i garasjen. Eg velger å tru det var fordi ho var stornøgd...
 

...med det ho såg :-) Sjå kor godt ho passar inn i turkler og med sekk og greier :-)
 
He-he, mi casa es su casa ;-)
 
Ja, dette var flotte greier. Litt lavt under taket og trangt blir det nok med tre personar inni her, men vi er jo ikkje redd for kvarandre så det skal nok gå bra. No er jo vi godversturgjengarar, så vi skal jo tilbringa storparten av tida vi er på tur utanfor teltet uansett. Stor, god plass til bagasjen var det i allefall.



Så etter å ha prøvt teltet vårt og funne ut at dette var vi veldig nøgd med, og etter å tiltrukke oss ungane som lurte på kva i all verda desse tussete, gamle damene dreiv på med, måtte vi jo sjå om vi klarte å få ned igjen teltet og. Ikkje minst om vi klarte å få det til å passa i teltposen igjen ;-)

Det gjekk jo så smurt - dette teltet kan jo kven som helst klara å slå opp og ned :-)

Strålande nøgd med vårt nye telt :-)
 
No står det jo då berre igjen å komma seg utav hagen og opp på fjellet.... ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)