mandag 20. juni 2011

Late dagar....

Jammen stakk sommaren innom ein tur i helga :-) Og dei dagane blei brukt til å gjera absolutt ingenting! Ikkje noko Solfjellløp eller andre utflukter på meg - har kun sete på trappa og altanen til mor og far og nytt sola. Ok - eit par sykkelturar til Kalkstasjonen nett for ikkje å få sitjesår....Ingen baking - iallefall ikkje meir avansert enn vaffler til kusine Lene og Kristiane som kom på besøk. Ingen husvask - ingenting å føya til her - absolutt ingen husvask. Hovudet er tømt for alt som har med forberedelsar til arrangement og fest å gjera - får vel snart abstinens, tenkjer eg.. Ingen hagearbeid - ein har jo gartnar:

Greit å ha utstyret i orden - og ja, heile plenen vår er med på biletet!


Men, han veit å porsjonera det ut i små dosar, Vår Herre - eg sprang ikkje heim i frå jobb og fann fram bikinien i dag... Og ja, som dåke ser, ein av dei få tingene eg faktisk har gjort i helga er å fornya utsjåande på bobla ein smule :-) No ventar eg bare på ny ladar (igjen!) til PC'n med Photoshop'en på slik at eg kan få jobba litt med bileta mine óg...

3 kommentarer:

  1. Hei Kusine Anita!

    Eg kosar meg veldig når eg les Bobla di. Må bare få seia, at no etter fornyinga, vart det mykje meir "avslappande" lesning. Er noko lettar for sånne litt eldre kusiner å lesa "kvitt på svart" enn grønt på grønt. No kan eg liksom sijta litt meir bakoverlent....

    Mvh Kusine Klara

    SvarSlett
  2. Kanskje du har grønn stær, kusine Klara??

    SvarSlett
  3. Eg må få leggja til at det var gode vafler :))Og veldig kjekt og vera på besøk.

    Kusine Lene

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)