fredag 5. august 2011

I dag var eg lur...

..eg sendte nemleg melding til Ann Irene om at eg luska meg ein tur på Låganåso - og så fòr eg avgårde så snart meldinga var sendt :-) På den måten fekk eg meg eit godt forsprang før ho fekk summa seg og pakka sekken - eg visste jo at ho ikkje kunne motstå ein slik "invitasjon"! Så når ho kom marsjerande opp på Låganåso, sat eg der blid og nøgd, mett og utkvilt :-) Dette gjorde eg ikkje for å vera stygg, men eg visste jo at Låganåso ikkje kom til å bli siste stoppestad når den fjellgeita skulle vera med meg på tur - så eg trong faktisk eit slik forsprang for å henga med... Sjå her kjem ho:

 Og i motsetnad til meg, som hadde sete der ei stund,....



 ....fekk ho vener med eingong!


Gode vener!

 
Men, vi kunne jo ikkje sitja her og skravla med våre nye, innpåslitne vener - vi måtte vandra litt til.

Opp her kanskje? Nja, njei...

Her måtte vi bestemma oss. Sidan Geitedalstind var rett opp og Høgetind litt på skrå seier det vel seg sjølv kva vi valgte...

 Vi hadde ikkje gått så veldig langt før utsikta byrja å bli ganskje så flott!

 
Uskedalen!

 
Men, så byrja mørke skyer å komma inn over oss. Dei fyrste regndråpane kom og vi var litt redd for at det skulle koma tordenvær. Kun ei av oss hadde pakka sekken sånn halvvegs for slikt vær - eg nevner ikkje navn, men eg blei ikkje våt... Det var på tide å koma seg i hus...

 Vi tok inn på hybel! Litt trang, men sikker vel så stor som hyblane enkelte studentar leiger i by'n...

 
 ...men med mykje betre utsikt!

Vi vurderer og leiga ut denne hybelen :-)

 
 Litt trangt under taket, men det er berre koseleg :-)

 
 Vi fann ut vi hadde nok forsyningar til å bli buande både vel og lenge..

 
 Eg måtte legga ned sjokolade forbud - ho skulle tross alt ut av dette holet igjen..

 
Ka' sa eg?? For mykje sjokolade og ein må klatra ut vindauga!

Regnet stoppa og vi fortsatte vår ferd mot toppen - ofte på alle fira. Her var det bratt, gitt!

Spennande utsikt på veg opp - for dei som tør sjå ned...

Endeleg på toppen!!!

 
Og så stolte over å kunna skriva seg i denne boka :-)

 
For ein fantastisk utsikt vi fekk i frå toppen av Geitedalstind!! Og så synd at bileta ikkje heilt visar kor bratt det var ned - skummelt bratt enkelte plassar. Eg kan ikkje kommentera (eller gidd ikkje) alle utsiktsbileta, men her kjem eindel - dåke ser jo sjølve kva det er :-)

 










Kan det vera? Nei, er det mogleg? Gråfjell??

 
Og så litt skrytebileter - reknar ikkje med at dette blir ei utflukt eg kjem til å ta så ofte.

 På toppen med Uskedalen laaaaangt der nede!

 
 Flott bilete, om eg kan seia det sjølv :-)

 
 Litt meir utsikt - gløymte dette i stad. Høgetind!

 
 Ja, her var det best å halda seg fast!

 
Så langt bort, men ikkje lenger!

 
 Så langt ned, men ikkje lenger!

 
 Ser det ikkje på bilete, men dette var eit litt "mystisk" fjell - nesten litt Harry Potter aktig..

 
Gå no ikkje lenger bort, no då!

 
Vi hadde ei flott stund på toppen av Verden, men snart blei det på tide å byrja på den laaaange turen ned igjen..

 Vi fekk ein flott tur ned igjen - sola titta til og med fram :-)

 
 Måtte bare ta med eit utsiktsbilte til - sjølv om det ikkje såg noko annaleis ut på veg ned enn på veg opp :-)

 
 Dette biltete MÅ vera tatt etter at vi kom ned att på Låganåso - smilet hadde neppe vore lika stort om eg var på veg opp...

 
Og så flott såg det ut opp mot Ulvanåso når vi kom ned til bilane igjen.

 
Det var ein fantastisk flott tur vi hadde i dag! Lang, men vel vert det. I kveld har eg pleia såre føtter og det blir neppe nok lang tur til fots i morgon :-)

1 kommentar:

  1. Kjempe kjekke bilder, ser ut som ein fin tur! Flinke dåke er!! :)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)