tirsdag 2. august 2011

Familien Glum tok turen til...

...Tveitedalen i dag. Vi skjønar no etterkvart at det ikkje nyttar å sitja å venta på at tåka skal forsvinna - det skjer jo ikkje før langt på dag likevel. Så vi heiv kanoen på taket og tok ut - hvis vi var heldige så var det kanskje sol i Tveitedalen? Og det var det - i allefall når vi kom ut. Men, det varte bare ein augneblink så skya det til igjen :-( Men, det gjorde ingenting - det var fin turtemperatur likavel :-)

 Stian og Besten set kanoen på vatn for fyrste gong i år.


 Det ser ikkje slik ut, men vatnet i Tveitedalen er ganske grunt, så det var ikkje heilt enkelt å padla overalt.


 Her har dei komen seg ut på litt djupare vatn.


 Mor og eg tok beina fatt.


 Greit å ha skubbehjelp enkelte etappar :-)


 Ein liten rastepause.



 Stian i fint driv nedover elva igjen.


 Vi tok fyrst vegen til høgre fra pakeringsplassen eit stykke innover før vi snudde og gjekk tilbake. Her har vi tatt fatt på vegen til venstre for parkeringsplassen - padlarane padlar i bakgrunnen.


 Det skal vera to hovuder inni sivet her ein plass :-)


 Pass opp - indianarane kjem!


 Så var det mor og son sin tur til å ta ein liten tur :-)


 Var litt djupare vatn i denne enden av vatnet.


Vi hadde ein fin liten tur før vi padla tilbake mot parkeringsplassen igjen.

Tveitedalen er ein flott turplass for både store og små - fine vegar og lett å gå :-) Vi syntes det var litt for grunt vatn til å padla skikkeleg i - måtte nesten passa på at vi ikkje tok nedi eller sat oss fast på steinar heile tida. Eg har sagt det før og kan sei det igjen - dei har ein jobb å gjera når det gjeld skilting i Tveitedalen. Det går stikkvegar hit og dit, men finnes ingen skilt som informerar om kor vegane fører henn. (Kanskje Gråfjell? :-)). Det Tveitedalen derimot hadde nok av i dag var insekter - i alle variantar og størrelsar - spesielt klegg! Litt irriterande, men løye kva ein klarar å venja seg til...

Det var dagens lille tur - den kan óg anbefalast. Det som kansje ikkje bør anbefalast er å la ting ligga igjen i kanoen på taket medan ein køyrer :-) Skulle nokon finna ein raud redningsvest langst hovudvegen på strekninga Tveitedalen - Uskedalen, så veit dåke kor han høyrer til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)