lørdag 22. oktober 2011

10.Klassane ved Rosendal Ungdomsskule har laga skuleavis!

Dei to siste vekene før høstferien brukte 10.klassane ved Rosendal Ungdomsskule mykje tid på å laga skuleavis. Den har dei kalla "Under Nuten" og er no i full gang med salget - inntekta skal gå til skuletur på slutten av skuleåret. Det er blitt ei flott avis med mykje stoff. Her kan ein lesa om alt i frå politikk til elevreiser og trimming av mopedar. Stian Sebastian har fått inn stilen sin som handla om då han tok båtførarprøven ombord på Mathilde. Av ein eller anna grunn er halve stilen, og dermed mykje av handlinga, utelatt. Så for dei som er interessert, her kjem stilen i sin heilhet:

Nytt i år: Ta båtførarprøven om bord på
S/J Mathilde
Norges Redningsselskap arrangerte i juni 2011 ungdomsseglas med innlagt teori og praksis til båtførarprøven om bord på S/J Mathilde.
Bilde: Hardanger Fartøyvern senter
S/J Mathilde
I år har redningsselskapet inngått avtale med Hardanger Fartøyvernsenter om å få leiga S/J Mathilde til ungdomsseglas med innlagt teori og praksis til båtførarprøven. Alderen på deltakarane er frå 14-17 år, og det var mogleg for både gutar og jenter til å melda seg på.
Mathilde er ei jakt som vart bygd av Ole H. Nerhus på Ølve i Kvinnherad og sjøsett i 1884. Mathilde blei brukt til å frakta fisk, frå Nord-Norge til Sør-Norge. Mathilde har hatt mange eigarar opp gjennom åra langs heile norske kysten. Ei stund bytta ho og namn til Kari Louise. I 1984 blei ho lagt ut for tvangssal og blei kjøpt opp av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund. I åra 1984-89 vart Mathilde restaurert og tilbakeført som seglfartøy. Sidan den tid har ho blitt brukt til museumstokt, leirskule og medseglartokt. Mathilde kan ha inntil 30 passasjerar. Mathilde er og eitt kjent syn her i Kvinnherad, og det er sikkert mange klassar som har vore om bord og på tur med Mathilde.
Nytt av året er likevel at ein kan ta båtførarprøven om bord i regi av Norges Redningsselskap. Den aller fyrste turen gjekk frå Bergen til Måløy, 27. juni til 2. juli 2011. Underteikna var så heldig å få vera med på denne turen. Eg hadde nemleg fått dette seglaset i konfirmasjonsgåve. Ved påmelding til seglaset fekk ein tilsendt arbeidsbok og teoribok til båtførarprøven. Det er ganske mykje som skal lesast og lærast så det er lurt å begynne å pugge på førehand.
Måndag 27. juni møtte det opp 19 gutar i Bergen klare til seglas. Kor var jentene? Eit slikt seglas passar og for jenter som skal ta båtførarprøven. Gutane kom ifrå forskjellige plassar i landet, Oslo, Bergen, Måløy, Florø og Brønnøysund. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle treffa nokon så eg kjente, men den fyrste eg traff på var Morten i frå klassen min. Sjølv om vi var 19 gutar og ingen jenter, var det likevel 4 damer i mannskapet om bord. Endre Helland representerte Noregs Redningsselskap. Det var han som hadde undervisninga til båtførarprøven om bord.
Då vi kom om bord fekk kvar av oss ei halv skipskiste som vi skulle ha tinga våre i. På Mathilde er det eit stort opphaldsrom der vi åt alle måltida våre og kor vi hadde den teoretiske undervisninga. Om kveldane hengte vi opp hengekøyer slik at opphaldsromet blei til sovesal.
Vi la i frå kai mandags føremiddag i eit skikkeleg regnvær. Fyrste dagen gjorde vi ikkje så mykje meir enn å bli kjent med båten og kvarandre.
Spent før eg skal ut på seglas.
Kvar dag stod vi opp kl. 08.00 og tok ned hengekøyene for så å ete frukost. Litt seinare på morgonen hadde vi litt teoriundervisning. Det som er viktig å kunne til båtførarprøven er å kunne navigere, vite korleis ein bruker sjøkart, kunne sjøvegsreglane og elles vita korleis ein skal oppføra seg på sjøen. Den praktiske undervisninga bestod av å kunne knyte knutar og segle etter kart. Nokre dagar blei vi delt opp i 2 grupper. Den eine gruppa var inne og hadde teori og den andre gruppa var ute og styrte båten og øvde seg på og navigera med båt modellar. Underteikna synest at det var kjekkast og vera ute, med det hadde våre enda kjekkare viss det hadde vore fint ver. Det regna nesten alle dagane på denne seglturen. Elles hadde vi mykje fritid som vi for det meste brukte til å snakke med kvarandre. Kvar kveld låg vi til kai på ein ny plass. Då kunne vi gå i land for og sjå oss omkring. Dei plassane vi var innom var: Eivindvik, Færøy, Florø, Rugsund og Måløy. Fredag ettermiddag la vi til kai i Måløy der vi skulle ta båtførarprøven litt seinare på kvelden. På fredags kvelden var det tid får å ta eksamen i båtførarprøven. Alle var nok ganske spente på korleis dette skulle gå, om dei skulle klare det eller ikkje. Med dei aller fleste gjekk det ganske fint. Underteikna kunne no ganske stolt senda melding heim om at han hadde bestått prøven. Endre tok bilete av alle som hadde bestått prøven slik at dei seinare kan få båtførarsertifikat i posten.
På kvelden vart vi innlosjert på ein skule der vi skulle sove siste natta. Men det blei ikkje så mykje søvn, vi satt heller og snakka saman. Neste morgon måtte vi ta buss inn til Måløy sentrum for og ta hurtigbåt til Bergen.
Underteikna sin konklusjon er at dette er ein ypparleg måte å ta båtførarprøven for dei som ikkje likar så godt og sitja inne og lesa og pugga heile tida. Ein får sjå masse fin natur sjølv om det på denne turen regna mykje. Ein får lære seg å segla og ein blir kjent med mange nye personar. Dette var eit fint tiltak av Norges Redningsselskap som eg absolutt vil anbefala andre ungdomar til å melde seg på visst dei bestemmer seg for å gjenta dette seglaset.
No er det bare for undereteikna til å vente til eg blir 16 år, då får eg båtførarsertifikatet i posten.
Stian Sebastian 

Som dåke ser så anbefalar han andre om å ta båtførarprøven på denne måten. No har vi sjekka på Hardanger Fartøyvern sine sider, og det ser ut som om dei gjentar suksessen neste år. Då skal seglaset gå frå Bergen til Haugesund - så her er det berre til å melda ungdomane sine på :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)