søndag 16. oktober 2011

To spreke kusiner...

...har vore på ein fin tur til Mannsvatn i dag. Eg prøvde fyrst å lokka med Marita opp Såto, men i motsetnad til meg så hadde ho vore ute å kjent på temperaturen i dag... + 5 grader på Eik i formiddag - det blei ein smule for kalt for kusine Eik som meir eller mindre kom rett i frå ferie i New York og + 25-30 grader :-) Difor endra vi kjapt turmål, kledde godt på oss og entra Pålavegen og solsida av dalen i stadenfor. Allereie i fyrste svingen var vi så varme at vi måtte stoppa å stappa ytterjakkene våres i sekken...


Dagens turmål - Mannsvatnet.

Utsikt mot Fjellandsbø på veg opp Pålavegen.

I den eine svingen på veg opp treff ein på denne kjekke figuren - då snakkare eg om maleriet på steinen altså...

...og i enden på vegen står denne. Kjekt med litt kunst i naturen :-)

Det gjekk greit å komma seg opp Pålavegen i dag. Sola skein og temperaturen steig. Men, det var ganskje mykje vind på toppen og ikkje så lett å finna ein plass i le kor vi kunne innta nista. Men, vi prøvde å gøyma oss bak ein stein midt i brakehaugen - gikk greit det :-)

Vi var visst litt uforberedt på skogstur i dag, og pakka det vi fann i skapa. Marita stilte med tantes melkekaker og knekkebrød frå Peder Bakar - eg ost og kjeks. Gjekk fint som turmat det òg, faktisk :-)


 
Men, når vi fyrst var komen til endes på vegen kunne vi jo ikkje gå ned igjen utan å ta ein kikk på Mannsvatn og utsikten ellers. Så etter litt mat tok vi sikte på neste topp.

Der blåste det ganske kraftig...

...og vi måtte stå breibeint for ikkje å blåsa overende.

 Men, fin utsikt fekk vi. Her ut mot havet..

...ungdomslagshytta Fjelly...


Og ikkje minst det berømte Tverrfjell! Og har dåke sett - kan det vera Gråfjell vi skimtar i bakgrunnen her??

Etter ei lita, forblåst stund på toppen var det på tide å tusla på heimveg igjen.

Fine høstfargar + Marita på veg ned Pålavegen.

Dette var ein fin søndagstur, og det var det visst fleire som syntes, for det var eindel folk i fjellet i dag. Vi var i allefall veldig fornøgd då vi kom ned frå fjellet igjen.

No reknar med det blir nok ein dag på stive leggar i morgon....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)