lørdag 15. oktober 2011

Eg har hatt vondt i heile høst...

...ikkje fordi eg har vore sjuk, nokon har vore stygg med meg eller at eg har blitt råka av ein kraftig høstdepresjon - nei, eg har byrja å bevega meg - på litt andre måtar enn eg plar gjera. Dei siste åra har mine bevegelsar stort sett bestått i å sitja i ro frå kl. 0800-1600, kanskje ein spasertur rundt dalen om ettermiddagen, ein runde frå Undarheim skule - Søral tur/retur, kanskje ei lita symjeøkt og fint lite anna. I mitt lille hode har eg jo då innbilla meg at formen ikkje har vore så værst - og det har han jo heller ikkje vore - kondisjonsmessig. Men, etter å ha byrja på step og gymstick i høst har eg skjøna at det er fint lite musklar ein trenar ved å spasera ein runde rundt dalen! Ja, i mitt tilfelle er vi kanskje nede i 0...

Det byrja bra, syntes eg. Min aller fyrste gymstick (ei lang stang med strikk på kvar side som ein festar på beina) trening hadde eg i byrjinga av september. Eller, bra og bra, allereie etter dei fyrste 2 minutta hadde eg kartlagt kor naudutgangane var - då var eg heilt gåen i kontorarmane mine og lurte på korleis i alle dagar eg skulle klara å halda ut ein heil time. Men, med litt variasjon i øvelsane og etter å ha blitt vane med å ha stanga på skuldrene syntes eg det gjekk riktig så bra, sjølv om eg nok ikkje klarte å halda tritt heile vegen. Difor var skuffelsen stor då eg vakna neste morgonen og kunne vifta både med armar og bein utan å kjenne noko ting som helst! Hææ?? Ingenting - hadde eg verkeleg tatt så lite i?? Eg gjekk til og med så langt som å "skryta" av det til Janne - stakkars ho lurte på om ho måtte laga eit hardare program til neste time. Neste morgon derimot - ikkje fullt så høg i hatten. Snakk om å komma seg ned på jorda i ein fei - eg var stiv frå topp til tå og måtte nesten ha hjelp av Stian til å komma meg ut av senga og ned trappa frå loftet! Eg trur rett og slett musklane mine brukte eit døgn på å sjå på kvarandre og lura på kva som i all verda hadde skjedd, og når dei fann det ut falt dei unisont inn i ein sjokktilstand og stritta i mot av all kraft. Nei, dette vil vi ikkje vera med på!!  Og sidan har eg igrunnen aldri blitt den same igjen..

Men, eg kunne jo ikkje gje meg på tap. Det fine er jo at det er ei veka mellom kvar trening - så då går jo dette i ein slags runddans. Stiv og støl ei veka, så ny trening = stiv og støl ei veka til. Etter nokre veker så har dette gått seg til når det gjeld gymsticken. Då er det jo andre ting som hjelper til: Alle fjellturane i høst f.eks. Fantastisk flotte og kjekke fjellturar vi har vore på i høst - utruleg kor stive leggar ein kan få etter slike turar - og utruleg kor mange kreative måtar det finnes å komma seg opp og ned loftstrappa på...For ikkje å snakka om den lite, bratte steintrappa vi har foran utgangen på jobb - eg sørger alltid for at ingen ser meg på veg opp og ned den..No har eg gått rundt med stive legger så lenge at eg nesten trur det skal vera sånn. Men, det byrjar jo å gå seg til det det òg. Og for å bøta på det:

Steptrening! Jepp, eg har heve meg med på steptrening òg. Ei skikkeleg krafttak i høst for å komma seg i form altså! Steptreninga er med å minnar meg på at eg faktisk har lårmusklar òg - eller mangel på sådan. At eg ikkje kan skryta på med så mykje lårmusklar veit eg jo - ein får litt hint om det når ein berre klarar å stå på ski i finaste puddersnø fordi det er for tungt for låra å svinga i oppkøyrte løyper... Dette har eg tenkt steppen skal hjelpa meg med - i år skal eg svinga skia om eg så må brøyta vekk ein halvmeter med våt sørpesnø for å greia svingen. Men, foreløpig er eg litt for støl i kroppen til å tenka på å ta fram skia...

Men, løye kva som går seg til. Etter kvar som kroppen venner seg til all denne aktiviteten så forsvinn stølheten sakte men sikker. Eg var komen nesten til det punktet kor eg ikkje kjente så mykje til verkande musklar lenger, og kva skjer då? Jo, Janne sender inn Astrid som vikar på gymsticken! Heilt nye øvelsar, og då var det på ann igjen! No verker eg slik bak i låra/rumpa at eg nesten må sitja på pute og dei siste par dagane har eg vurdert å stå og tisse...

Kvifor utset eg meg for dette hvis det er så vondt og heile kroppen verker?? Det er vel som dei seier: Det gode opphever det vonde. Det er jo sabla gøy då, og så gjere det så godt når ein er ferdig med treningstimen :-) Og så forventar eg jo at alt det vonde skal ta slutt eingong, slik at eg kanskje berre kan vera stiv og støl dagen derpå og ikkje heile veka...

Og ikkje minst - eg forventar å sjå eit resultat av all denne aktiviteten etterkvart. Eg har vore ein tur i kleskapet mitt, og her heng dei:

 Den eine kjolen etter den andre - urørt av meg dei siste åra...


 Tenk om eg kunne blitt så stram i kroppen at eg kunne tatt på julekjolen i år?

Ok - eg innser jo det at ting kan ta litt lengre tid enn eg kanskje vil. I så tilfelle: 


He-he. Nei, den har eg ikkje arva hos ei gammal bestemor eller funne på loppemarknad. Den er faktisk kjøp i Åsane i år og eg vil tru det var eit resulat av speil som lyg litt og ei flink ekspeditrise :-) Uansett, det er nok kun eg og damer på over 70 som har kjøpt denne - så om det tar så lang tid å bli stram i kroppen at eg blir for gammal for alle dei andre kjolane mine så har eg i allefall denne på lur i skapet :-)

Då blei det visst eit lang innlegg i dag kor eg skryt på meg ein masse aktivitetar. Kva har eg gjort på i dag? Sete på sofaen...No skal eg inn å henta Stian på båten i Rosendal - skal berre tøma eit glas cola fyrst og ta meg ein sjokoladebit eller to...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)