lørdag 8. oktober 2011

Ein liten tur til Storhaug...

....blei litt lenger enn planlagt i dag. Ikkje ulikt andre fjellturar eg tar ut på...Eg måtte diskutera litt med meg sjølv om eg skulle ta meg ein fjelltur i dag eller la kroppen kvila. Men, det var rett og slett altfor fint vær ute til å vera inne idag, så til slutt blei eg eining med meg sjølv om å ta ein kjapp (?) tur opp og ned Ståle sin veg til Storhaug. Det byrja bra, eller eigentleg så gjorde det ikkje det - eg merka allereie på fyrste steg i oppover bakke at leggene slett ikkje var restituerte i frå forrige vekas fjelltur. Litt flaut å innrømma, men dei var pinn stive..Men, eg rekna med det skulle gå seg til etterkvart, og det gjorde det - så snart eg kom meg på flat mark på toppen...

Flott utsikt over dalen på veg opp...

Og flott utsikt andre vegen - Ulvanåso med nysnø på toppen! Stripa til høgre på bilete er rett og slett ei solstråla  - ingenting i vegen med kamera:-)

Trass stive legger så var det greit å kjenna at alle fjellturane, gymstick og steptreningane eg har vore på i høst byrjar å merkast på kroppen. Det gjekk ikkje så fort oppetter lia, men eg heiv ikkje etter pusten og tok pausar i hytt og pine slik eg gjerne plar gjera :-) Og når ein kjenner at ein har litt å gå på lagar ein seg òg kanskje andre planar enn dei ein opprinneleg hadde. Då eg kom opp hadde i allefall eg endra planane mine frå ein kjapp tur opp og ned Ståle sin veg til at eg skulle gå forbi Storhaug, ned til Ådnaklett, ned Tormod sin veg til Myklebust - for så å gå opp dalen igjen for å henta bilen. Frå Storhaug hadde eg flott utsikt i dag:

Melderskin i sol og med nysnø på toppen.

Fjord og fjell :-)

Tja, Ølve formodar eg?

Mot Solfjell og Mannsvatn.

Så var det på tide å tusla heim igjen...


Det er så lenge sidan eg gjekk denne vegen at eg ikkje heilt huskar korleis den går. Eg trudde det var ein kort tur i frå Storhaug ned til Ådnaklett, men det var jo litt drygare enn eg trudde. I dag var vegen i tillegg både våt og glatt - kanskje ikkje så rart med tanke på været dei siste dagane. Men, eg fekk jo flott utsikt på vegen ned òg:

Sjå kor flott det var oppover dalen i dag!

Uskedalen! Det var her det gjekk opp for meg at det var litt lenger ned til Ådnaklett enn eg trudde..

Så var eg på Ådnaklett. Her hadde eg faktisk ikkje vore sidan Stian var liten og Barnetrimmen/Idrettskulen var på tur for mangen år sidan. Ein liten stopp i sola her for å drikka litt cola og eta sjokolade - skikkeleg turmat i dag:-)


Så langt gjekk alt etter den nye planen, men det skulle snart endra seg. Eg la i veg ned Tormod sin veg og trudde fjellturen snart var slutt..

Eg er litt sur for at sola forsvinn så tidleg på Eik, men ho forsvinn visst enda tidlegare opp i dalen.


Så gjekk eg her i mine eigne tankar, tenkte at dette var hardt på knea og at denne vegen neppe vart så mykje i bruk lenger iom at det voks tre og bjørnebærbuskar midt i vegen. Og så - halvvegs ned blei eg brått røska ut av mine eigne tankar! Fyrst ein skot, så eit til, og enda eit - det blei ein bråstopp på veg ned! Eg tok eit kjapt overblikk - her stod eg i brune sko, grå bukse, svart fleecejakke og på ryggen hadde eg ein grå og svart sekk og på den hang ei brun jakke. Det tok meg to sekunder å bestemma meg for at ikkje fanken om eg skulle fortsetja ned denne vegen - eg bråsnudde på hælen og la i veg oppetter lia igjen! Eg av alle veit jo kor fort det er å sikta på noko ein ikkje skal når ein er ein ivrig hjortejeger :-) No må eg vel legga til at eg ikkje er heilt sikker på om det var nedanfor meg dei skaut - det kan til og med ha vore på Døsslandsida av dalen, men det er faktisk ikkje så lett å høyra når ein står midt i fjellsida. Eg tok i allefall ingen sjansar. Har dåke gått Tormod sin veg? Den er BRATT!! Trur dåke eg hadde mykje lyst å gå opp igjen?? Men, løye kor ein finn energi og motivasjon når ein trur det er fare på ferde. Det kom eit par skot til - eg stod ikkje akkurat i ro! Trur til og med eg skulle klart å hatt broderen på ryggen om eg måtte - "he ain't heavy, he's my brother"....For eingonskuld trur eg faktisk eg gjekk raskare oppover enn nedover - he-he. Ok - eg innrømmer at eg tok ein pust i bakkene medan eg prøvde å gøyma meg bak ein brakebusk.. Etter ein kjapp gange var eg på Ådnaklett igjen, og då var det berre til å legga i veg andre vegen mot Halsatoppen kor eg rekna med det var trygt :-) Og det var jo igrunnen ikkje eit dårleg valg - for då fekk eg jo verkeleg sett bygda i flott solskin!

Uskedalen ein flott høstdag!

Var ikkje så dumt å komma ned her, tross alt :-)


Eg kom meg ned Halsatoppen og  i Halsane utan fleire hindringar på vegen :-) Men, her bur jo ikkje eg - eg måtte fint traska gjennom Halsane, over Dønhaug og opp Kjærlandssida for å finna igjen bilen før eg kom meg heim etter turen. 

Så, som dåke skjønar så blei den vetle og kjappe fjellturen min noko lengre og meir spennande enn eg hadde tenkt i dag. Men, turen var flott den og kan anbefalast - men, hopp over den turen opp og ned Tormod sin veg i jaktsesongen :-)









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)