tirsdag 28. februar 2012

Hurra for meg...

...42 år i dag - ikkje til å tru! Bortsett frå gråe hår, falske tenner, smilerynker, kvilerynker, allslags andre rynker, hengeører, hengepupper, hengemage, hengelår og byrjande åreknutar finnes det jo ingen tegn til at denne dama drar på åra enda :-) Dagen har eg feira med å ha fri på jobb, bake, rydda (?) og vaska litt, for så å få kjekke gjester på besøk :-)

Dagens kakebord. Kanskje ikkje så stort utvalg, men, men - eg gjekk ikkje tom...

Det kanskje ikkje alle veit, er at hvis ein berre beheld juletreet lenge nok så vil det til slutt veksa snop på det. Men, ein må vera rask - treet blømar berre ein dag ;-)

Far hadde sjølvsagt heist flagget i anledning dagen. Av ein eller anna grunn blei han ein smule snurten over at eg ikkje hadde lagt merke til det då eg kom over vegen....


Myke fint har eg fått i dag: Nye sommardekk, pengar, blomar, termos, turdrammeglas, Påskegodt, salatbolle og bilrekning på kr. 7000,-. Kva meir kan ein dame på 42 ynskja seg? Ellers så fekk eg denne saken som eg framleis grublar litt på:

Denne fekk eg av min bror m/familie. Eg har litt vanskeleg for å forstå kvifor dei syntes denne passa til meg, trur dei må ha forveksla nokre presangar her...


Ja, ein riktig så fin bursdag har eg hatt i dag. No er det avslapping og beina på bordet... :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)