lørdag 3. mars 2012

I dag var eg heilt sikker på...

...at eg skulle i Fjellhaugen å stå på ski. Det skulle eg ikkje - ungdomen hadde ombestemt seg..Men ut måtte eg uansett i slikt ver som det var idag, så då måtte eg hanka inn resten av Naturbarna i stadenfor. Skitur har eg enda ikkje klart å få dei med på, så då satsa eg på at ein fottur til Bremstølen ville slå an i dag - og det gjorde det :-)

Flott ver til å gå i skogen i i dag....

Ein liten pause på veg opp.

Utsikt frå Bremstøl over Husnes og omeng i dag.

Eg trudde det skulle vera bart å gå til Bremstøl no, men det var det ikkje. Vi måtte gå i snø eit lite stykke på slutten. Det gjorde ingenting, for sjølv om sola varma gjekk det greit å tråkka i snøen utan å trø igjennom.

Og sjå her kosar damene seg. Det var flott å komma opp å setja seg i sola og nyta nista. Eller nista og nista - eg hadde jo klart å leggje mi igjen i bilen, så det eg kunne by på var peanøtter og lovehearts...

Nei, vi hadde ikkje Tord Asle Gjerdalen med oss på tur, men i mangel på solbriller måtte eg beint fram låna Stian sine Danmarksbriller ;-)

Det er ganske fint på Bremstølen.

Denne turen må vi ta ein anna gong når snøen har fordufta.


Eg hadde kanskje gløymt nista i bilen, men heldigvis ikkje dei nye turdrammeglasa mine, så jammen blei det ikkje servert ein aldri så liten Jægermeister på Bremstøl i dag :-) ( Var ikkje dette eit flott bilete av damene?)

Vi hadde lyst til å gå litt lenger i dag, men måtte gje opp etter få meter. Snøen byrja bli blaut og den eine av oss som eig truger hadde ikkje tatt dei med. Så det får bli ein anna gong det òg.

Men vi var nøgd med den turen vi fekk idag. Det blas litt på Bremstøl, men det merka vi ikkje så mykje sidan vi sat i le bak den store steinen. Og jammen er det god varme i sola no - deilig. Og når Ann Irene slo fast at vi var i betre form enn i fjor på denne tida, tusla vi heim blid og fornøgd alle tre :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)