søndag 4. mars 2012

Eg har ergra meg i ei veke no...

...over at eg ikkje tok med meg ski på turen til Mannsvatn forrige søndag. Så i dag måtte eg berre bøta på det. Det blas godt ute, men det såg likevel ut til at det ikkje skulle bli så aller verst ver. Så eg pakka sekk og ski og tok ut opp dalen. Eg skjønar eigentleg ikkje kva eg tenkte på - vanlegvis har eg nok med å komma meg opp med ein liten sekk på ryggen  - og no skulle eg kava meg opp fjellsida med både sekk på ryggen og ski i armane - mine sterke, muskuløse kontorarmar....Men, vil ein så vil ein!

Det gjekk i grunnen greit, skia var lette å hiva over skuldra.

Valgets kvaler.

Då eg parkerte bilen traff eg ein kjentmann som tipsa meg om at eg burde fortsetja rett fram når eg kom til sving nr. to. Eg trudde ikkje denne vegen gjekk så mykje lenger enn det vi ser her, men det gjere den visst. Han meinte det ville vera betre å gå her og så snu og gå tilbake og komma opp i "botnane". Då slapp eg alle svingane opp den vanlege vegen. Men då eg var nesten oppe i "kryssen" her traff eg ei anna kjentdama som meinte at eg ville slita med å trø igjennom snøen hvis eg gjekk til fots, og i mangel på feller hvis eg gjekk på ski. Feller er kanskje noko ein burde investera i hvis ein skal gå på ski i fjellet...Eg ville jo ikkje slita meir enn naudsynt, så då blei det den vanlege vegen likevel :-)

Og sjå her, opp kom eg i dag òg :-)

Det har minka eindel på snøen på ei veka...

Eg hadde eit håp om at sola skulle komma fram då eg kom opp, men det blei med nokre små glimt. Derimot blas det iskald vind og det var berre til å få på vottar, hue, snøra hetta saman over der igjen og snu ryggen til vinden. Og skulle eg i det heile bry meg med å ta på skia? Nei, det var jo knallhardt føre - gjekk jo lika greit å labba over her til fots :-)

Ikkje lett å finna stiane her :-)

Her hadde eg i utgangspunktet tenkt å ta pause og kosa meg med nista - istadenfor haldt eg på å blesa over ende. Det var berre til å komma seg vidare - framleis med skia på skuldera.

Fjelly nede til venstre. Tør ikkje seia kva anna vi ser her - eg er så dårleg på slike stadsnavn. Må nok investera i kart òg...Det har vel stått på lista heilt sidan den berømte turen vår til Gråfjell, om ikkje eg huskar heilt feil..

Flott utsikt over Ulvanåso sjølv om veret ikkje var det beste i dag.

Eit lite glimt av sol på Solfjell. Is på Mannsvatn - hm...kanskje det var skeiser ein skulle hatt med i stadenfor ski? Nokon som veit om det er trygt?

Her har eg kome meg til endes over toppane og har fått utsikt over Storhaug. Når eg ser på biletet her synes eg det ser ut som om det er mykje meir snø enn det føltes som - eg syntes eg gjekk å leita etter snøflekker mellom myrområda.

Tilbakeblikk mot Mannsvatn og Fjelly i enden.

Og då eg endeleg kom ned såg brua slik ut. Sidan eg ikkje har tenkt å melda meg på Wipeout med det fyrste  måtte eg finna ein omveg...

....Ingen krise - gjekk greit å gå over her...

Eg ser jo no at det ser ganske snødekt ut her, og det må jo ha sett litt snodig ut at eg kom ned bakkane med skia over skuldra. Ikkje at eg trur det var så mange som såg det.. Men, som sagt, det var ganske hardt føre. Og eg har bortover ski, og dei duger kun til bortover gåing. Uansett oppover- eller nedoverbakke, så har nok mine ski meir eller mindre alltid peika oppover...Og er trur ikkje dei har tatt så mange svingar i si levetid heller...Då eg kom ned på flata blei det litt mjukare føre, men her syntes eg det berre var klattar med snø, så eg fortsatte til fots. Får vel legga til at eg faktisk såg ein skigåar her med ski på beina...


Utsikt over Uskedalen i dag.

Så var det berre å fylgje stien så godt det gjekk før eg svinga ned Ståle sin veg. Åh, eg hadde gløymt kor bratt den vegen eigentleg er. Må innrømma at eg byrja å kjenna det i låra no. Og då eg kom ned måtte eg sjølvsagt ut på ei gåøkt til  - opp Haugland igjen for å henta bilen. Det er straffa ein får når ein ikkje går ned samme veg som ein går opp!

For å oppsumera litt så har eg idag altså brukt 4-5 timar på å gå opp Pålen sin veg, fylgja toppane utover mot Storhaug og gå ned Ståle sin veg - heilte turen med ski over skuldra. Og det sjølv om store delar av turen gjekk i snø...

Trass i lite sol og mykje vind så hadde eg jo ein fin tur. Og så er det så godt å koma heim til ein varm dusj, sofa og ein ungdom som spør om ein ikkje snart skal laga middag...

Men, eg tru kanskje eg er ferdig med å ergra meg over at eg ikkje hadde med ski på turen forrige søndag no..

A. Enæs, no òg fjellturskibærar - nokon som treng ein sherpa??



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)