søndag 26. februar 2012

Fy fabian...

...for ein flott tur eg hadde opp Pålavegen til Mannsvatn i dag! Vart ein smule irritert på meg sjølv for ikkje å ha fylgt med på vermeldinga då eg såg kor strålande veret var då eg stod opp i dag. Men då var det for seint å hiva seg rundt å køyra til fjells, iom at vi skulle i bursdag på Husnes i ettermiddag. Då var det berre til å finna seg eit anna turmål i nærleiken og valget fall på Pålavegen. Det måtte vera ein grei plass å få sjekka kondisen i dag - eg kan ikkje skryta på meg å ha pusta inn for mykje frisk luft sidan jul i fjor... Eg rekna igrunnen ikkje med at eg kom til å komma så langt opp før eg blei stoppa av snøen, men det tok eg feil! Dvs. snøen byrja jo før andre sving, men den haldt godt, så det gjekk greit å gå opp.

Strålande utsikt mot Uskedalen i dag.

Englafjell bada i sol og snø.

I andre svingen snudde eg meg og såg dette - tåka som kom snikande.

Ulvanåso

Snart var heile Nåso dekka av tåka.

Meir Englafjell.

Det gjeld å halda seg over tåka ;-)

Tåka vart ikkje noko problem - den berre sveiv forbi. Sjølv om eg måtte gå i snø heilt i frå andre svingen så var det, som sagt, greit å gå. Og når sollyset (solbriller hadde eg ikkje tenkt på å ta med) plaga meg meir enn formen, så var eg i grunne nøgd :-) Berre ein drikkepause på vegen opp - det må vera ny rekord - så no ser eg i grunnen lyst på komande tursesong :-)

Her trur eg at eg byrjar å nærma meg toppen.

Jepp - her er skiltet som visar stien til Mannsvatn - den har visst ingen gått så langt i vinter.

No angra eg på at eg ikkje hadde tenkt på å ta med skia - dei låg tross alt i bilen :-(

No var eg komen så langt at eg ikkje kunne gje meg på tap. Det vart litt vanskelegare å gå her og eg trødde igjennom snøen litt her og der. Men ved å gå litt forsiktig og sjå etter kor eg satt føtene, så stavra eg meg fram.

Til endes på vegen - så langt hadde eg verkeleg ikkje trudde eg skulle koma til fots i dag!

No trudde eg i allefall at det skulle bli stopp! Men så var det jo fristande å koma seg nett over toppen slik at eg kunne få sjå korleis det såg ut på "vidda". Så eg prøvde meg litt til. Eg hadde tross alt drukke litt Red Bull, så eg rekna meg eg hadde fått nok vinger til å halda meg over snøen ;-)

Og sjå her - jammen kom eg meg ikkje opp hit òg!

Rett og slett vakkert!

Det var ikkje mange fotspor her - ingen faktisk, men dei har nok hatt ein flott tur dei som har gått på ski. No blei eg enda litt meir irrtert for å ikkje ha tatt med mine.


Hit, men ikkje lenger. Eg turde ikkje risikera å gå igjenom snøen her og kanskje ikkje bli funne igjen før til våren ;-)

Ah - det var dei skia ein skulle hatt med seg...

Så då var det berre å tusla tilbake der eg kom i frå.

Det er jo dette som er vinter med stor V.


Utsikt mot Fjellandsbø.

Ja, dette var ein strålande dag og tur. Og no veit alle kven som har tråkka sundt ski- og snøscooterløypene....No kryssar eg fingrane for at vi får enda fleire slike flotte dagar, og då jenter (dåke veit kven dåke er), då må dåke ha skia klare!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)