tirsdag 17. juli 2012

Endeleg, endeleg, endeleg -

kom det nye kameraet mitt i dag - nesten ein månad etter opprinneleg oppsatt leveringstid! Så gjett om eg har venta! Eg veit jo så inderleg godt kor irriterande det er når ein ikkje får varene sine av leverandørane og kundane masar, men det har ikkje hjulpe det spor. Med mitt tolmod var eg snar ute og sutra etterkvart som leveringstida blei endra - og endra - og endra...Så mykje sutra eg at ei hvis kundebehandlar hos butikken der eg hadde bestilt det antagelegvis ikkje turde å reisa heim til Uskedalen på ferie utan å gje beskjed om at dette kameraet måtte sendas ekspress strake vegen til meg så snart det ankom - for i dag fekk eg det levert så å seia på døra ;-)

Oij, oij, oij, A. Enæs har tenkt å inna speilreflekskamera verden....

Eg har i allefall klart å skru det saman...

Eit greit nybegynnar kamera, stod det i reklamen. Eg klør meg i hovudet og skjønar ikkje så mykje. Eg har skrudd og trykka, tatt bileter av mine eigne tær og ein bluse på klesnora... Eg får ta bileter inn mot kjøkenet, men kameraet nektar å ta bileter ut stovevindauga....Eg innser at det kan ta litt tid før eg får dreisen på desse greiene her.....

Vel, vel, eg får lesa litt meir i bruksanvisningen og kikka på cd'ane som fylgde med.. :-)



2 kommentarer:

  1. Gratuulera og lykke te med nytt kamera!!
    Eg he mista inspirasjonen, ellers sku eg tatt med meg mitt kamera å gått på fotozafari med deg.....!!

    Eg he til&med kjøpt nye linsa som fortsatt ikkje e utprøvd endå!!!!

    Kos deg!!

    Anne Tone :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. He-he, du får gje beskjed om du finn att inspirasjonen:-) Mitt problem er laaaaaangdryge og kjedelege bruksanvisningar - den til dette kameraet er på 268 sider, eller noko slikt. Gjeeeesp!

      Slett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)