tirsdag 7. august 2012

Dag 3 & 4 i Barcelona!

Jepp, her kjem rapporten om dag 3 & 4 i Barcelona.

Dag 3:

No hadde vi allereie sett så mykje at vi byrja bli litt metta. Det var difor på tide og ta det roleg og byrja dagen med å sjekka ut bassenget på hotelltaket.

Ikkje så stort, men deilig å kjøla seg ned i mellom solinga.

Og medan nokon kosa seg i bassenget...

....inntok andre litt lunsj - med øks!

Men, som dåke veit - soling og bading blir litt kjedeleg i lengda, så snart byrja vi å bla i den store kloke boka om alt ein kan finna på i Barcelona - og vips så var vi på veg ned til havna for å reisa på båttur :-)

Båtturane byrjar rett nedanfor der Columbus står og peikar.

Ein må vera litt obs hvis ein vil på båttur. Det står 3-4 boder side om side ved havna og eg trur ikkje dei samarbeidar så veldig mykje. I allefall gjekk vi i ei bod der dama hardnakka påstod at dei berre hadde turar med speedbåt og katamaranseilbåtar - og det sjølv om vi stod og såg rett ned på andre større båtar som hadde masse seter på taket. Eg blei litt snurten og gjekk til neste bod for å forhøyra meg - og på ein-to-tre så hadde vi fått billettar på ein av desse båtane. Kunne ikkje dama i bod 1 berre sagt at eg måtte gå i ei av dei andre bodene??

Etter litt venting var vi på veg ut havna. Det er mykje fint å sjå i Barcelona, men så er det og noko som ikkje er så fint - overalt er det nokon som har spredt rundt seg med grafitti og tagging! Det er slett ikkje fint! Ja bortsett frå på denne moloen kanskje - her kan det kanskje passera som pittekyrandelittegranne fint og fargerikt.

Åhhh - det var godt å komma ut på sjøen og få litt vind i håret. Heldigvis bles det stort sett litt i Barcelona heile tida slik at varmen ikkje var heilt uutholdelig.

Her var det fint å sitja og kikka inn mot land :-)

Sidan det stort sett bles her må dette vera eit eldorado for dei som driv med slike ting som dette. Dei var overalt - framfor, bak og på sida av oss.

Tøffingar..

Denne dukka opp i ei havn - sjekk navnet...

Vi gjorde ikkje så mykje meir denne dagen. Utpå kvelden gjekk vi ein tur og såg på livet rundt Placa de Catalunya.

Blei ikkje særleg kaldt om kvelden heller..

Vi tok ein roleg kveld og avslutta med litt tv-titting på hotellrommet. Stian og eg oppdaga brått at vi sat og såg på ein norsk film som var dubba til fransk - på spansk TV...

 
Dag 4:

Siste dagen av ferien vår i Barcelona og i dag måtte vi få med oss dyreparken og Parc de la Ciutadella - visstnok lokalbefolkningens favoritt park. Men fyrst starta vi som dagen før - litt soling og basseng på taket.


Dyreparken: Her skulle jo eg brifa med det nye kameraet mitt og ta det eine fargerige bilete etter den andre av alle verdens fargerike dyreartar. Då var det veldig idiotisk og komma heilt fram til parken og innsjå at batteriet til kameraet framleis stod på lading i ein stikkontakt på hotellrommet! Så då måtte eg ty til mobilkameraet...

Det var med stor undring vi oppdaga at temperaturen i dyreparken var atskillig betre enn utanfor - det kom nesten ein deilig litt avkjølande vind inn, så her bestemte vi oss for at vi skulle bruka god tid. Etter å ha tusla rundt litt og ete litt såg vi at det køyrte nokre små "golfbilar" rundt omkring - kunne dei leigast mon tru? Jepp, det kunne dei. Men, det var litt strenge reglar - eller berre litt. Etter å ha spurt oss om førarkort - noko berre eg har, men som låg i safen på hotellet - var det nok å visa fram eit bankkort i stadenfor. Det var det jo berre eg som hadde med i parken - og kva betydde det?

Jo, at det var eg som måtte vera sjåfør ;-)

Så, i ein time frakta eg far og Stian rundt i denne kjekke doningen :-)

Sjølv om vi syntes temperaturen i dyreparken var bra, så såg det ut som om mange av dyra hadde siestatid då vi var der...

Og så var dei vel litt trøtt av alle turistane..

Eg trur han her var min favoritt :-)

Nokre av dyra såg litt meir oppegåande ut...

...eller kanskje ikkje...

Etter å gjort oss ferdig med besøket i dyreparken, måtte vi ta ein liten runde i Parc de la Ciutadella òg.

Ein fin park, der det dukka opp litt forskjellig..

Som ein liten innsjø kor ein kan låna båtar og ro ein liten runde f.eks.

Romantisk..

Og så dukka denne flotte fontena opp!


Cascada heiter den - Gaudi har sjølvsagt hatt ein finger med i dette byggverket òg.

Og så var våre dagar i Barcelona over - flotte dagar, med sol, bading og mykje sightseeing :-)

Og slik var utsikten i frå hotellrommet då vi forlot det tidleg fredag morgon for å reisa tilbake til gamlelandet :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)