lørdag 16. februar 2013

Back in business!!

Ja, då var det på tide å jaga vekk all sjukdom og unnskyldningar om dårleg ver og komma seg ut ut i frisk luft igjen!!

Etter å ha lege strak nesten ei lita veke og med ein forkjølelse som heng i, var det likevel ikkje tida for den lengste og brattaste turen i dag. Starta litt forsiktig med ein liten tur, tenkte eg..

Fjellandsbø og Leiteshaugane burde vera ein ok tur.
 
 
Allereie på parkeringsplassen slo det meg at her låg det ovseleg mykje meir snø enn forventa. Men, men, litt snø måtte vi vel klara å forsera..

Systrene Sæle leia an i front.
 
Det gjekk greit i byrjinga, men vi hadde ikkje kome rundt mange svingane før vi samtaleemnet blei ski og truger - noko vi sjølvsagt ikkje var utstyrt med i dag.

Jada, posten skal fram.
 
Det seier vel seg sjølv at når ein var tom for energi i utgansgspunktet så blei dette ein litt strevsom og utmattande tur. Men eg hadde jo ikkje med meg spade heller, så å grava seg ned var ikkje noko alternativ :-) Eg fekk berre henga meg på dei spreke systrene og kava meg mot målet.
 


Og her nermar vi oss endeleg enden på reisa - Leiteshaugane!
 
Når vi var kome så langt så måtte vi jo sjølvsagt og streva oss opp til boka og sola. Og så måtte vi jo finna oss ein fin plass vi kunne laga bål og kvila oss litt. Kirsten og eg byrja fylgja etter Ann Irene i denne jakta, men då ho byrja gå i ring fann vi det best å stå i ro og venta til ho hadde slått seg til ro - så kunne vi berre ta kortaste veg til leirplassen ;-)
 
Her fann vi oss ein fin plass og det var tid for å grilla den obligatoriske pølsa :-)
 
Det var fint på Leiteshaugane i dag. Temperaturen var fin, men det kom ein liten, kald trekk på toppen. Vi blei ikkje sitjande så lenge - alle hadde sko fulle av snø og då tar det ikkje så lang tid før ein frys på beina. Så etter litt pølsegrilling og smaking på Kirsten sitt muslimsnop (snop frå Tyrkia - slett ikkje verst på smak) var vi klar for nok ei økt i snøen.

Vinterstemning :-)
 

Fin tur som kan anbefalast, men eg vil anbefala og ta turen på ski eller med truger:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)