mandag 4. februar 2013

Skjer det ingenting i Bobleverda...

....for tida?? Svaret er: Nei, særs lite!

Her lever vi sofalivet til det fulle - 1 stk. snylta forkjøla ungdom i eit hjørna og 1 stk. "Hoarder" i den andre enden. Eg prøver å sei til meg sjølv at sofaen ikkje er ein oppbevaringsplass, men det ser ikkje ut som om eg høyrer på det øyra.... Her på mitt hjørna har eg samla det eg treng for å "komma meg igjennom ettermiddagane":

Aviser, to stk. ferdig strikka sokkar (ikkje par sjølvsagt), målband, strikkepinnar i div. variantar, påbegynt strikketøy, strikkeoppskrift og tre halvferdige eh..mh..påskekyllingar ( ikkje spør). Ipaden, som og plar ligga her, brukte eg til å ta bilete med... Ser ikkje bort i frå at det ligg eit og anna sjokoladepapir innunder alt det andre ein eller anna plass...

Så sånn går no desse dagane. Idag burde eg komma meg ut i frisk luft og gå tur med mandagsgjengen, men host, host, ( det klør ikkje litt i halsen eingong...) eg trur eg held meg inne med strikketøyet i dag (og).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)