søndag 27. januar 2013

Den flinke og kunnskapstyrste venninna vår....

.... Ann Irene har endeleg fått uttelling for all studeringa ho har gjort dei siste åra!

Sist veke fekk ho beskjed om at masteroppgåva hennar var godkjent og nokre dagar etter kunne ho kry henta vitnemålet i posten - og byrja titulera seg: Master i Organisasjon og Leeing Leiing!

Dette har ho klart å gjennomføra medan ho har vore i full jobb både her og der, har både mann, barn og barnebarn å ta seg av + minst to venninner som til tider krev stor oppmerksomheit!

Det skulle jo då berre mangla at vi ikkje skulle stella i stand ein aldri så liten fest for å markera denne store hendinga. Dvs. vi hadde tenkt å stella i stand ein liten fest, men så slo det oss at er du Master i Organisajon og Leiing så må du jo vera den beste til å stella i stand ein slik ting sjølv - så då sendt vi berre melding på fredag og sa at vi kom på besøk laurdag kl. 2000 for å bli organisert og leia ;-)

Som sagt, så gjort, men vi kom jo sjølvsagt ikkje tomhendte:

Vi hadde med oss både skikkeleg eksamenshatt, champis og medaljong :-)
 
Og medan vi blei leia bort i sofaen for å nippa til litt champagne var Per Ivar sendt på kjøkenet for å organisera i stand eit betre måltid til oss.
 
Etter mat og drikke fekk vi beskjed om at vi skulle spela eit spel som heiter Gruble. Og sjølv om vi to gjestene ikkje hadde spela dette før var vi svært optimistiske på at dette skulle gå bra.
 
 

Det blei mykje grubling....Og mykje googling for å kontrollera om diverse svar haldt mål...
 
Gjestene på enden måtte diverre sjå seg grundig slått i dette spelet av kokken Per Ivar. Men moro var det - dette må vi spela fleire ganger :-)
 
No skulle ein kanskje tru at Ann Irene ville senka skuldrene og nyta at ho endeleg er ferdig med studietida, men nei, ho er allereie byrja lura på kor vegen vidare går no... Og hvis ho forbereder seg på å studera meir, så får vi forbereda oss på neste feiring:
 
Hmm...
(bilde fra dropship-fromchina.com)

 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)