lørdag 16. mars 2013

Joda, eg tutlar no på med mitt...

...sjølv om det ikkje er så mykje aktivitet på Bobla fortida.

Sida sist har eg strikka nok eit par sokkar ferdig, eg har vore ein tur til Mannsvatn (kamera var tomt for batteri, så det blei ingen rapport), eg har vore på kusinetreff hos kusine Klara for å planlegga den store blåturen til Varaldsøy (ingen fare at eg nemnar Varaldsøy - blåturen går alltid dit), eg har køyrt meg vill på veg til Sveio - dvs. eg fann jo Sveio opptil fleire gonger, men det var liksom ikkje der eg skulle. At kusine Anne og eg ikkje var einige om kor ho budde når eg prøvde å få veganvisning per tlf. var jo og litt frustrerande...(men vi kom fram til slutt, altså). Eg har vore i Haugesund å kjøpt meg nye cupcakeformer og spissar til kakesprøyta mi, men i og med at eg slengte håndmixaren min i golvet og dekorerte halva kjøkenet med krem på bursdagen min, blir det ikkje meir baking før eg har invistert i ny mixar..No er det laurdagskveld og vi kosar oss meg div. laurdagssysler - Stian med å tømma pizzafatet sitt oppned på teppe på stovegolvet og eg med å tømma ein boks tannpirkarar på kjøkengolvet. Slik går no disse dagan..

I dag tidleg (og då meinar eg tidleg) tikka det ei melding på telefonen min og eg lurte på kven som var avgått med døden no, men det var berre Ann Irene som gav beskjed om at idag VILLE ho på tur. Ho kan venta litt til, tenkte eg, og venta med å svara til klokka var så mykje at det var sannsynleg at eg var vaken på ein laurdagsmorgon..

Og då gjekk det ikkje så lenge før vi var på veg til Bremstølen :-)

Framleis vinter når ein kjem litt opp i skogen.
 
I byrjinga gjekk det ganskje greit, men når vi kom eit stykke opp i skogen byrja det å bli meget glatt enkelte plassar. Sidan det låg eit dryss nysnø opp på all isen var det ikkje heil lett å sjå kor det låg is. Men, vi gjekk litt på kryss og tvers og kom oss opp :-)
 

Når Ann Irene og eg går tur ser vi eigentleg ut som på dette maleriet av Theodor Kittelsen:

Ann Irene foran og trakkar spor, eg snublande etter så godt eg kan.
 
Målet er nådd.
 
Då var det greit med ein pust i bakken.
 
Det var igrunnen ikkje så triveleg på sjølve Bremstølen i dag då det blas ein ganske kraftig, iskald vind der. Så etter å ha fått i oss litt nista byrja vi på returen. Men, akkurat i det vi byrja gå kom sola igjennom skydekket og då såg det riktig så flott ut oppover fjellet:
 


Slik sola skein såg det nesten ut som om fjellet var dekka med deilig marengs :-)
 
Andre vegen hadde vi utsikt til verdens ende.
 
Her står eg eigentleg ikkje og slår ut med armane, vinden var faktisk så heftig at den blas meg heilt utav balanse og eg slo ut med vingene i rein refleks ;-)
 

Det er fleire vegvalg og stiar til Bremstølen. Sidan vi allreie visste at det var veldig glatt på den stien vi kom opp valgte vi å følgja eit anna sti nedover igjen.
 
Ann Irene på veg ned i frå Bremstølen.
 
Eg fekk godt brukt for den flotte, nye hua som svigerinne Monica har strikka til meg i dag :-)
 
Det viste seg at det var stien til Hjortetrakket vi fylgte ned igjen. Det var ikkje så dumt, for det var ein smule betre å gå her....
...sjølv om vi måtte overende på rumpa begge to...
 

 
Her nermar vi oss litt vårstemning igjen :-)
 
Glatt føre og iskald vind på toppen til tross, vi var nøgd og syntes vi hadde hatt ein fin tur då vi kom ned til bilane igjen :-)
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)