onsdag 20. mars 2013

Søte Påskeforberedelsar!

Ny mixer er kommen i hus - og den måtte jo prøvast. Og kva passar betre då enn å vispa saman ei marengsrøre?

Som sagt så gjort. Og kven skulle tru at det kunne vera så stor forskjell på alminnelege håndmixarar?? Dette var jo som å skifta ut ein Lada til Mercedes. Eg hadde jo ikkje før putta mixaren oppi bollen før eggekvitene var stive!

Luftigaste røra eg nokon gong har fått til - og det var gjort på ein blunk :-) Og ikkje nok med det, mixaren var jo meir eller mindre lydlaus - i allefall i forhold til den gamle mixaren min.
 
Så skulle jo denne rørar lagast om til marengstoppar før dei skulle i omnen - og då fekk eg jo jammen meg prøvd den nye sprøytespissen òg :-)
 
Superb - Wiltons 1M spiss passar fint til å laga marengstoppar.
 
Men så, 1 time skulle dei stå i omnen på 100 grader. Så skulle dei stå i omnen til den blei kald (minst). O'store skuffelse, når eg opna døra til omnen så var toppane min framleis blaute - faktisk viste dei ikkje teikn til å vera harde i heile tatt og sat heilt fast i bakepapiret :-( Pokker og - dei såg jo så perfekte ut! Eg gjekk på sofaen og furta i 10 min. før eg slepte meg ut på kjøkenet igjen - eg fekk no ta dei ut av omnen og hiva dei i boset i allefall. Men, kva hadde skjedd på desse furteminuttane??? Marengstoppane var sprø tvers igjennom!! Faktisk heilt slik marengstoppar skal vera! Ikkje veit eg kva hokuspokus som hadde skjedd - det må ha vore det at dei fekk luft.
 
I stadenfor å havna i boset, så har eg no fylt opp...
...høna med Påskegule marengstoppar :-) Inntil vidare, dei må vel i tett boks, tenkjer eg.
 
Så då vart eg ganske nøgd med dagens "bakst" likevel :-) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)