lørdag 25. mai 2013

Nok ein vakker dag, og nok ein...

...fjelltur!

Må innrømma at eg er litt lei turgåing no, moglegvis fordi det har gått litt trått i det siste og kroppen er litt energilaus. I dag frista det meir å sitja på Zacken med ei øl enn å gå på Solfjell, men sidan eg ikkje var i Bergen og Solfjell låg rett foran meg gav valget seg sjølv. Formen blir jo heller ikkje betre av å slutta å gå... I går kveld sendte Ann Irene melding om at "au, au, ho hadde så vondt i ryggen", men fjelltur ville ho på. Eg augna eit lite håp om at ho då kanskje hadde senka tempoet nærare mitt tempo og at det då kunne bli ein behageleg tur. Men, gjekk det slik???

Eg hadde gjeve beskjed om at eg ikkje gadd stressa med å koma meg avgårde i dag, så det blei ikkje tur før tidlegast kl.12. Klokka 10 i dag tidleg kom meldinga frå Ann Irene om at ho hadde vore oppe med vond rygg sidan kl.7 så ho var meir enn klar - kor i løypa låg eg?? I senga...Sidan ho antagelegvis måtte åla seg oppover fjellsida etter armane i dag syntes eg det var greit at ho gjekk i forvegen - og så skulle vi møtast på Storhaug og sjå ann om vi skulle gå lenger.

Slik gjekk det til at eg blei liggande etter ein times tid allereie ved starten i dag. Då eg skulle pakka sekken var Ann Irene halvvegs opp Ståle sin veg. Eg prøvde å raska på så godt eg kunne slik at ho ikkje skulle venta for lenge på meg, men det gjekk litt seint dei siste svingane må eg innrømma. Akkurat då eg såg enden på skogsvegen og skulle komma over kanten på fjellet og tenkte "endeleg - eg skal i allefall ha meg ein god pause før vi går vidare", kom meldinga: "Kor er du? Eg er på Solfjell!" På SOLFJELL??? Hadde ikkje ho vondt i ryggen? Her var jo ingen tid tid pause, eg måtte jo berre hasta vidare over vidda. "Vondt i ryggen, my as.. altså. Det er jo ingenting som stoppar det mennesket. Lurer på korleis det vil funka med ein brukken fot?", tenkte eg og såg meg om etter snublerøter eg liksom kunne styra ho mot på veg ned igjen.

Akkurat i det eg rakk foten av Sofjell kom ein gjeng ned igjen frå sin tur. Det var fristande å henga seg på å snu og gå med dei ned igjen. Kanskje hinka litt så dei måtte ta meg i mellom seg... Men, eg fekk berre streva meg vidare mot ho som sat og naut utsikta på toppen.

Det var heller folksamt på Solfjell i dag og reint travelt på stien. Eg blei heia oppover av spreke, spretne ungar på veg ned. "Kom igjen, dette klarar du!" Og vaksne som slo fast " Dette har jo ungane klart, så dette må jo du og klara". Nokre ungar prøvde å lura meg til å tru at vatnet i bekken var kjempevarmt å bada i, men eg har mine tvil:-) Men, alle hadde jo rett - dette måtte eg jo klara!

Og omsider nådde eg og toppen og varden og der fann eg dette:

"Stakkar", tenkte eg. "Dette såg ikkje godt ut, ho må ha tatt seg heilt ut i dag med den vonde ryggen". Då var det godt at eg hadde tenkt på ho og putta noko godt oppi sekken som heilt sikkert ville hjelpa på. Men, då ho spratt opp og innrømma at ho berre låg og solte seg og at ryggen hadde gått seg til på veg opp, syntes eg at eg fortjente godteriet meir sjølv...
 
... ;-)...
 
...pføy..ikkje godt i det heile tatt...
 
...okei då, ho fekk smaka ein liten slurk slik at ikkje ryggen skulle slå seg vrang igjen..
 
Litt ost og kjeks i sekken i dag - eg kom jo rett i frå havregrynsgraut til frukost.
 
 
Kjempeflott usikt både mot her og ...
 
...der frå Solfjell!
 
Mannsvatn og Ulvanåso.
 
Så hadde det seg slik at det kom ein far og son opp motsatt veg av den vi hadde kome opp - altså opp frå ungdomslagshytta. Då kan dåke jo berre gjetta kva veg vi tok fatt på då vi hadde fått i oss nista og sett nok på utsikta?
 
Brått stod eg og såg meg tilbake mot varden på Solfjell frå ein plass eg aldri hadde vore før.
 
Og no fekk vi jo neste enda betre utsikt - i allefall utover Mannsvatn :-)
 
Utsikt ned mot Fjelly.
 
Eg trur eg skreiv i eit tidlegare innlegg at favorittmotivet mitt var dyr, men det er jo heilt feil. Av naturlege orsakar så er jo sjølvsagt favorittmotivet mitt...
 


 
Ann Irene! Ho er jo alltid framfor linsa mi uansett kor eg snur og vendar meg. Eg veit ikkje kva som skjer innan for deira husvegger, men ho protesterte i allfall ikkje då eg slo fast at det umogleg kunne vera andre som hadde lika mange bileter av bakstussen hennar som eg har ;-)
 
Sjå kor flott utsikt vi fekk utover Mannsvatnet då vi gjekk denne vegen...
 
...og på andre sida dette! Og ja, eg veit godt kva det heiter her, men akkurat no kjem eg rett og slett ikkje på det.
 
Det gjekk nedover, nedover, nedover og nedover og snart såg vi...
 

...rett ned på ungdomslagshytta Fjelly!
 
Eg kom, som vanleg, dinglande litt etter Ann Irene ned til hytta, men denne gangen hadde eg ei god orsaking..
 

...eg traff på han her. Men, beklagar far - eg var for sliten til å bøya meg ned..
 
Omsider var vi nede med hytta. Ein liten rast her før vi bestemte oss for å ta Pålavegen ned igjen frå fjellet i stadenfor å gå heile vegen langs vatnet, over vidda og ned Ståle sin veg att.
 

Det er jo veldig fint her :-)
 
Eg må innrømma at dette no hadde vorte ein litt lenger tur enn eg hadde planlagt og det byrja eg å kjenna godt på kroppen. Då vi skulle ta fatt på vegen ned var det nesten umogleg å sjå forskjell på...
 
...personen til venstre og til høgre. Rett og slett like som to dråpar vatn :-)
 
Det må jeg si, hvis eg tar vekk den slitsome byrjinga på turen i dag så blei jo dette ein riktig så flott tur og dag i dag likevel- vi var jo ikkje heima før i 17.30 tida :-) Litt solbrent har eg jo rukke å blitt òg :-) Og ja, det gløymte eg nesten...
 
... eg har jo sjølvsagt hoppa litt i dag òg :-)


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)