onsdag 10. juli 2013

ENDELEG, i dag har eg kunna kasta kleda...


....og sprada rundt ute tilnærma nøgen frå topp til tå i sola!!

Og i takt med varmen så stig humøret medan fornuften synk - eller noko slikt. Eg fekk i allefall lyst til å laga eit ekte rosablogg innlegg til dåke i dag - for akkurat der trur eg at eg har forsømt meg litt i det siste.

Så her kjem eit innlegg som handlar om ingenting anna enn meg sjølv:

Deilig å vifta meg nakne bein i sola....
 
Nakent kne som glinsar av solkrem...
 
Sjå - praktisk tala utan ein tråd...
 
Som sagt så føler eg at eg har blitt skubba litt utav varmen til rosabloggarane i det siste - eg har jo ikkje hatt nokon innlegg om mote, lavkarbo, hudpleie, interiør (ikkje på lenge iallefall) på bobla. For å ta igjen alt det tapte og for eingong for alle koma inn i varmen igjen slår eg no difor til med det eg har forstått er regel/krav nr. 1 for å bli kalla rosabloggar: Nemleg å visa seg fram i bikinien sin i diverse positurar og vinklar! Hald dåke fast:
 
Farge: Rosa (sjølvsagt)
Merke: Ukjent (eine og aleine fordi eg ikkje er smidig nok til å bøya meg bak og sjå kva som står på merkelappen i buksa)
Størrelse: Ukjent - av samme grunn som ovanfor.
Kjøpt på: Cubus
Pris: Eg måtte ikkje gå over til vatn og knekkebrød pga dette kjøpet i allefall
 
Her kjem ein smakebit:
 
Mi bittevetle bikinibukse - har og sett den omtala som bestemortruse. Kjem vel heilt ann på auga som ser, tenkjer eg.
 
Overdelen har kraftige stropper - noko tubetopp trur eg ikkje eg skal våga meg på...
 
Var han ikkje fin? Eg er i allefall nøgd.
 
 
A. Enæs, no og ein ekte rosablogger!
 
 
PS! Eg må vel advara om litt sterke og vågale bileter i dette innlegget! (Hm...burde kanskje stått øverst i innlegget denne advarselen?!?)
 
 
 

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)