lørdag 6. juli 2013

Jammen, kom det eit snev av...

...sommar til Uskedalen i dag!

Då var det berre til å snøre sin sekk og knyte sine sko - ein tur til Manen stod på programmet i dag. Og kven veit, tenkte eg, kanskje det er den einaste dagen i heile sommar eg får bruka han - og kledde på meg min nye knallrosa bikini under turkleda... Heilt bortkast info å legga ut her sjølvsagt, iom at dette kjem dåke ikkje til å få sjå noko av (hvis det no mot formodnad var nokon som håpa på det...)

Ikkje noko skodde i Eikedalen i dag, nei.
 
Øverst i Eikedalen på veg inn mot Fagerdalen valgte Ann Irene og gå klatreetappen, medan eg valgte å gå langs elva eit stykke. Så lenge elva er liten synes eg den vegen er best.
 
Eg fylgde elva litt lenger enn eg plar denne gongen. Resultatet var at eg måtte kava meg opp ei steinur før eg møtte på stien igjen. Vel oppe kikka eg meg rundt både hit og dit, men ingen Ann Irene var å sjå. Eg fekk det ikkje til å stemma at ho skulle ligga bak meg i løypa, men eg fekk det heller ikkje til å stemma at ho skulle ligga så langt framfor meg at eg ikkje skulle sjå ho. Men ho går jo som eit uver, så eg fann ingen anna løysing enn at det måtte vera det siste alternativet som stemte. Dermed la eg i veg det eg kunne mot Fagerdalen. Nesten oppe den siste skråningen høyrer eg brått "Yohoo" - bak meg!?! Snur meg, og jo sanneleg - der kjem ho slentrande...
 
 
Kva i all verda??? Korleis skjedde dette?? Har ho sete og venta på meg lenger nede enn der eg kom opp på stien?? 
 
Sanneleg ikkje ofta eg kan stå på toppen av ein bakke og fotografera Ann Irene på veg opp...
 
Alt har jo ei forklaring, så og dette. Ho hadde blitt hefta meg ein turgåar som allereie hadde vore på Englafjell og var på veg heimatt frå sin tur. Han hadde starta kl. 0700 - det skal vi aldri gjera...
 
Turen gjekk vidare og snart var alt som det skulle vera...
 
....Ann Irene i front opp Eikeskaret.
 
Eg syntes faktisk det gjekk ganske greit å komma seg opp Skaret i dag - kanskje fjellformen byrjar koma seg?
 
Ei lita pause ved Eikehytta.
 
Og her måtte vi jo testa våre nye "patroner" :-) Ein liten styrketår før vi tok fatt på resten av turen.
 
Utsikt mot Englafjell frå Eikehytta.
 
Og snart var vi på vandring igjen.
 
Flott utsikt over Svartavatnet frå stien mot Manen.
 
Tvers over vatnet ligg den nye hytta.
 
Vi bør kanskje bli litt flinkare til å kommunisera oss i mellom. Sidan det blas slik ved Eikehytta meinte eg at vi skulle gå litt lenger å finna oss ein lun plass før vi åt nista. Vi rekna jo ikkje med at det var mindre vind på Manen enn ved Eikehytta. Så der gjekk eg og dilta etter Ann Irene oppover, oppover og oppover. Merkinga av stien er ikkje imponerande her. Medan eg gjekk og kikka etter den hel..neste raude T'en - gud forby turstipolitiet skulle komma å ta meg i å gå utanfor merka løype - såg eg Ann Irene la i veg utan å nøla lenger oppe. Og for kvar liten topp eg kom over forventa eg at Ann Irene sat og venta på meg klar for lunsj. Men, nei, eg gjekk forbi den eine fine plassen etter den andre - samstundes såg eg framleis Ann Irene som klauv vidare og vidare framføre meg. Svolten som eg var måtte eg jo berre klyva etter...
 


...og eg seig no sakte, men sikkert, oppover fjellet eg og.
 
Nesten oppe no...
 
...skal berre opp dit - framleis med sekken full i nista..
 
Vel oppe fann eg igjen turkompisen min. Og etter å ha klaga over mangel på mat og kor svolten eg var, så kom det jo fram at ho trudde vi skulle eta på veg NED frå Manen og ikke opp.
 
Ja, ja, sånn kommuniserar vi. Det var i allefall ikkje snakk om å eta på Manen - her blas det kraftig og var litt ufyseleg. Eg prøvde meg på eit lite...
 


...hopp....fotograferte litt...
 
...utsikt mot Rosendal og omegn...
 
...og ned mot Herøysund.. Og sjekk...
 
...Folgefonna!
 
Når det var unnagjort, og vi hadde skreve oss i boka, la vi i veg ned same veg som vi kom opp. Mat var jo noko eg hadde tenkt på i lengre tid, men no var Ann Irene byrja bli svolten og. Men det var ikkje så lett å finna seg nokon fin plass å ta pause No blas det kraftig heile vegen ned fjellet. Vi enda difor med å gå ned heile fjellet igjen, bort langs vatnet - og enda opp berre nokre svingar bortanfor Eikehytta igjen!! Her var det til gjengjeld lunt og fint og vi kunne dandera "bordet" slik det skal danderast når vi er på tur...
 

 
 
Og her sat vi både vel og lenge og kosa oss :-) Over hovudet på oss kunne vi sjå eit...
 
...ørnepar som sveva rundt. No vil eg ikkje ha nokre sure kommentarar som "ser du ikkje forskjel på ørn og kråker?" , altså. Vi bestemte oss for at dette var ørner, og sånn er det med den saken!
 
Omsider måtte vi pakka saman og byrja den lange vegen ned Skaret, gjennom Fagerdalen og ned Eikedalen igjen. No blei det riktig så folksamt på stien med folk på veg oppover. Storparten høyrte til Sælefamilien, eg har ein mistanke om at dei er og ser seg ut hi til vintaren...
 


Vi hadde ein flott tur i dag! Eg har aldri gått på Manen andre vegar, så eg er litt usikker på om dette er den finaste og beste vegen å gå, men den duger for meg. Berre litt vanskeleg å sjå dei raude T'ane innimellom...


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)