mandag 1. juli 2013

Johnny Depp inspirert av Bobla?!?

Johnny Depp er ute med ny film - The Lone Ranger. Sjørøvar kaptein Jack Sparrow er byta ut med indianaren Tonto.

Og skal sei eg kvapp då eg såg biltet av denne nye figuren til Johnny (ja, vi er på fornavn). Er det verkeleg mogleg, tenkte eg. Sjølv uttalar Johnny at han har henta ispirasjon til den nye figuren sin fra Comanchestammen, men det må då vera det reinaste Hollywoodpølsevevet. Det er nemleg ikkje tvil i mi sjel om at Johnny har vore innom Bobla og henta inspirasjon i frå innlegget mitt om den fyrste turen vår opp Keisarstien i Bondhusdalen!

Her er eit bilete av Indianaren Tonto:

Johnny Depp som indianaren Tonto. (Bilete lånt frå http://blogs.indiewire.com)
 
Og her kan dåke sjå bileter frå den fyrste turen vår opp Keisarstien: I keisarens fotspor
 
Hæ? Kan det vera noko tvil? Dåke ser det dåke og? Inspirert av Comancheindianarane, du liksom....
 
Det store spørsmålet no er jo då om Mr. Depp dukkar opp i Bondhusdalen i sommar? Eg skryt jo stadig over den eine timen i Creekspråk som eg hadde på eit indanerreservar i min ungdom, så då kan jo eg og Johnny pludra litt i lag på indianarspråk på veg opp Keisarstien. "Sisip", seier eg og peikar på det som, forhåpentlegvis, er ei and - då det er det einaste Creekordet eg huskar....

 
Ja, eg synes eg ser oss på tur, Johnny og eg - den eine med flottare hovudpryd enn den andre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)