lørdag 28. september 2013

Malmangernuten! Eg har vridd meg unna...

...lenge, men i dag måtte eg til pers!

Ann Irene har hatt Malmangernuten i sikte som turmål lenge, medan eg har vore litt meir lunken på det. Men eg fekk grei beskjed i går om at hvis eg skulle driva turlag så måtte eg i det minste kunna gå på Malmangernuten! Så då vart det slik...

Var mykje surr med ei av oss før vi kom oss avgårde i dag, men omsider fann vi fram til Skeie kor vi hadde fått beskjed om at vi kunne byrja turen. Ann Irene kunne informera om at ho hadde lese turomtale og fått høyra av andre at dette var ein tur som gjekk rett opp....

...noko eg for min del har observert med mitt blotte øye og ikkje trong lesa meg til eller bli fortalt:-)
 
Sjølv om vi går mykje tur i lag så er vi ueinige i enkelte turting. Medan Ann Irene helst vil ha det så bratt som mogleg, vil eg helst ha det så flatt som mogleg på tur. Ann Irene var difor heilt i skyene for endeleg å få meg med på denne turen i dag, medan eg allereie hadde bestemt med før start at eg kom til å hata kvart einaste steg oppover, og kvart einaste steg nedover. Og slik vart det.
 
Det gjekk oppover frå start til mål. Etter å traska rett opp ein tett granskau ei stund kom vi til dette skiltet...
 
..Utsikt.
 
Og den var det jo ikkje nokon ting å seia på :-)
 
Så tissa eg litt medan eg skua utover Seimfoss og Dimmelsvik ;-) Slett ikkje verst :-)
 
Så bar det oppover igjen...
 

...mot Nuten. Vi var i allefall på rett veg.
 
Ann Irene, blid som ei sol, med Malmangernuten i bakgrunnen. Enda langt igjen å gå...
 
...så det var berre til å langa ut.
 
Stien no gjekk langs ein topp, og eg hadde ei stund eit lite håp om at vi skulle runda den, men neida. Det var berre lureri, for vi skulle sjølvsagt opp på den og. Og som om det ikkje hadde vore bratt før, så blei det enda brattare no. At nokon driv å spring opp her er for meg ei gåte, eg hadde meir enn nok med å dra meg opp ved hjelp av stavane mine.
 
Når ein endeleg kjem seg opp går ein litt slakare bortover mot toppen. Men, her er det til gjengjeld strake vegen ned til Rosendal på utsida av stien.
 
Framleis ingenting å seia på utsikta. Her utsyn over Rosendal.
 
Rett før toppen og varden deler stien seg. Ann Irene hadde fått los på varden og då var ikkje ho til å stoppa, så ho peila seg inn på stien som gjekk oppover mot varden. Eg, derimot, har framleis slik respekt for stipolitiet at eg ikkje turde forlata stien som var merka med raude T'ar og forsatte rett mot stupet. Det var ein lureomveg mot varden! Stien eg gjekk på er nok laga kun for å lokka folk ut på ei farefull ferd rundt Nuten for at ein skal kunna få ei fantastisk utsikt over Rosendal. Og det er eg heilt sikkert på at dei får, det veit eg ingenting om - eg kikka demonstrativt den andre vegen medan eg mest av alt hadde lyst å blinda igjen og legga meg ned på alle fira og åla meg i sikkerheit lenger inn på fjellet! Så når stien svinga opp at der Ann Irene stod og veiva med armane satte eg inn eit ekstra gir....
 
 
...til eg endeleg kunne løfta armane i triumf på toppen av Malmangernuten...
 
...og skua heimover!
 
Sjølv om eg følte eg hadde gått oppover ein halv dag hadde vi visst ikkje brukt meir enn det 2 timane det står av ein skal bruka opp. No kunne eg endeleg slappa av, nyta utsikta og eta ei god niste. Akkurat her likte eg meg godt og var nøgd med turen :-)
 
Denne dama var enda meir nøgd enn meg - ho har visstnok drøymt å nå Malmangernuten i to år og endeleg kom ho seg opp.
 
Flott utsikt over fjella rundt oss. Tok visst litt for lite bileter av det...
 
...var mest opptatt av utsikta denne vegen.
 
Men vi kunne jo ikkje gje oss til her oppe, så omsider måtte vi ta fatt på turen ned att. Den gleda eg meg enda mindre til enn turen opp.
Igjen - tenk at her kappspring folk - det glade vannvidd, spør ein meg! Ann Irene dansa bortover og nedover fjellsida, medan eg gjekk musesteg og tok meg for med stavane mine...
 
Ein og anna gong innimellom turde eg å løfta blikket å sjå meg om....
 
Nesten heile Rosendal i sikte. Vakkert det, men eg synes kanskje dei treng...
 
...ei forside pike ;-) Her lurte eg ein augneblink på om eg skulle bli ein del av den store redningsaksjonen ein trena på i Kvinnheradsfjella i helga :-)
 
Men nei, hadde eg fyrst kome meg opp på Nuten for eigne bein fekk eg koma meg ned og. Det gjekk seint! Og eg likte det ikkje! Det einaste positive eg kan seia er at kneet haldt overraskande bra og byrja ikkje verka før vi kom inn i granskogen igjen. Men då gjekk det jo enda seinare med meg nedover...Men eg kom meg ned til slutt eg og :-)
 
Dette er definitivt ikkje A. Enæs sin turtype. Eg likte meg ikkje på opp, og eg likte meg ikkje på ned. Eg likte meg kun på utsikten og på toppen ved varden. Ann Irene derimot likte heile turen og syntes det hadde vore ein kjempefin, liten tur - akkurat slik ho hadde trudd. Eg veit jo at Malmangernuten er eit ynda turmål, så det er nok fleire som er einige med Ann Irene enn meg - det kan eg leva godt med :-)
 
Så medan Ann Irene sikkert kjem til å få fleire fine turar til Malmangernuren i framtida, kryssar eg turen av i boka mi og tek sikte på at dette var ein "once in a lifetime" tur for meg :-)
 
 

 
 
 
 

 
 

 


 
 
 

 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)