onsdag 6. november 2013

Ny vidundermaskin er komen...

..i hus!

Skjer det at dåke ser noko som andre har som dåke berre MÅ ha??? Slik var det i allefall med meg her for ein månads tid sidan. Då var eg på eit veninnebesøk og fekk demonstrert ei juicepresse - og sjølvsagt fekk eg og smaka på godsakene :-)

Eg vart jo grøn av misunning, må dåke veta - eller kanskje det var av juicen... Ei slik juicepresse SKULLE eg og HA! No finnes jo desse i mange slags variantar, men eg har jo ikkje tolmod til å setja meg inn i typar og forskjellar, så eg skulle jo ha akkurat lik som den eg hadde sett demonstrert. Men det var jo ikkje så enkelt - den har jo vore utseld over heile linja! Er det berre eg som ikkje har fått med meg at heimepressa juice er i skuddet for tida? Men så - endeleg på mandag fekk eg tak i vidunderet...

...mi nye fantastiske juicepresse :-)
 
Flott, tjukk oppskriftbok fylgde med...
 
.... japanarane ler av våre 5-om dagen, men det får jo vera måte på alt då...
 
...her finn du juiceoppskrifter som hjelper på det meste...
 
Men igjen - eg har jo ikkje tolmod til å lesa oppskrifter. Nei, her er det berre til å hiva oppi appelsiner, eple, ananas, ingefær, gulrot, jordbær, litt mynte og kanel....og svisj svusj så har ein...
 
 

....pressa seg ein aldri så liten og lekker drink på ein heilt vanleg onsdag :-)
 
Ikkje treng ein skrella frukta og grønsakene før ein pressar dei heller :-) Dvs. for smaken si skuld har eg tatt meg bryet med å skrella appelsinene, ellers så blir det litt vel skarp smak. Lett å reingjera pressa er det og, så dette er berre velstand :-)
 
Her i huset er vi forholdsvis flinke på salat og grønsaker, men frukt går det lite av. Det har det no altså blitt ein brå slutt på. Dei tre siste dagane har eg minst drukke ein halv pose gulrøtter, 8 appelsiner, neste ein heil ananas, utallige epler, nesten ei heil ingefærrot, ein halv kurv jordbær, ein kvast mynte - ja, antagelegvis meir frukt enn eg har ete på eit år til saman..
 
Så ha meg unnskyldt - NU må jeg tisse.....
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)