tirsdag 17. desember 2013

Det meste dreier seg om jul...

...no om dagen. Men kor blir det av julestemninga?? Til tross for julepynta hus og at eg er oppteken med juleverkstaden min nesten kvar kveld, så er eg ikkje heilt i "juldemood" enda. Men, eg prøver....

Ein kveld såg eg på Facebookstatusar at folk hadde bake både 7 og 13 kakesortar. Nesten i panikk heiv eg meg over peparkakedeigen (ferdigkjøpt, må eg vedgå) - noko må jo bakast til jul her i huset og... Eg hadde store planar om å pynta desse - den eine flottare enn den andre, men...
 
...så blei eg lokka ut på galeien før eg kom så langt....
 
I gamle dagar gjekk vi på skogen og valgte ut eit, av og til i allefall, fint julatre som vi tok med oss heim. Men etterkvart som åra gjekk og det byrja bli ganske så utplukka i skogen og vanskelegare og vanskelegare å finna eit tre som blei godkjent av juletreinspektøren, var det lika greit å slutta med det. Det er vel igrunnen rart det ikkje skjer fleire "ulykker" når folk med øks og sag går i skogen og skal einast om eit tre er godkjent eller ikkje...
 
Vi har i allefall kutta ut skogsutflukta til fots med ein biltur til Omvikdalen dei siste åra :-)
 
I dag har eg baka julebrød :-) Skikkeleg tunge greier, kunne sikkert slått i hel både det eine og det andre med desse - ser veldig fint ut, men skulle sikkert vore steikt pittelitt lenger. Okkesom...
 
...i kveld blei det julebrød med brunost og gräddost + gløgg til kvelds :-)
 
Ellers litt stusseleg å ikkje måtta baka kaker og forbereda seg til selskap i måro - det er jo det eg plar bruka 17.desember til. I måro fyller guten, utruleg, men sant, heile 17 år. Men i år må han feira dagen på hybelen sin. Men vi skal jo feira litt når han kjem heim på juleferie :-) Og når vi snakkar om juleferie - eg byrjar min i måro ettermiddag :-)
 
Vermeldingane er vel ikkje dei aller beste med tanke på kvit jul i år, men eg klarte no i allfall å fanga litt julestemning med kameraet mitt 6.desember:
 
I motsetnad til Star Tour sine kundar ynskjer eg meg ei kvit jul i år og :-)
 
 
Ha ein fin førjulskveld, folkens :-)
 
 
PS! Det blir ei trist jul for musefamilien på Eik i år - far, den store musefangaren, fann mus nr. 15 denne høsten/vintaren i musefella i kjellaren min i dag.... Det kan umogleg vera mange fleire igjen til å feira jul i år no????
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)