torsdag 16. januar 2014

Naturbarna la ut på ein aldri så liten...


...måneskinstur opp Pålavegen i går kveld!

Dei siste kveldane har vi jo hatt utruleg flott måneskinsver, så i går måtte vi ut på tur. Eg håpa eg skulle få til litt meir av ein av mange ting eg ikkje beherskar - å ta bilete i mørket! Dette har eg jo sagt lenge at eg skal lera meg, men eg er vel på same stadie enda som fyrste gang eg tok i kameraet - nesten i allefall.

De bles godt oppi dalen i går kveld, men godt påkledde som vi var, var ikkje vind og kulde noko problem. Vi hadde ikkje tatt mange steg før eg måtte til å trykka på kameraet mitt. Og eg trykka, og eg stilte inn, zooma inn, zooma ut, vridde og vrei på alle knottar (heilt utan mål og meining all den tid eg ikkja anar kva eg eigentleg held på med) og slengte ut nokre stygge ord.... Nei, måneskinsbileter når du ikkje har peiling på innstillingar, lukkertid og blenderopning er slett ikkje lett. Eigentleg bør ein vel ha stativ og for slike bileter. Og kanskje nokre betre objektiv enn det eg har. Og så hadde eg jo tatt på zoomlinsa slik at uansett kor mykje eg zooma ut når eg vende meg mot Englafjell og Nåso, så fekk eg berre med litt av fjella. Og sjølv om det var månelyst ute var det likevel så mørkt at eg ikkje klarte å få fokus. Så der gjekk Marit og Ann Irene foran på stien og pludra om det eine og det andre medan eg kom eit stykke bak og pludra med meg sjølv. Av og til tok eg dei igjen, før eg byrja trykka igjen (skal ikkje gje meg på tap) og havna bak igjen.

Og sjølv om eg bomma på det meste og kunne sletta dei fleste av bileta eg tok, dukka det opp eit og der ein i allefall kan sjå kva eg har prøvt å fotografera. Ikkje heilt i fokus og noko kornete, så eg har ein lang veg å gå enda, men her kjem no nokre måneskinsbileter:

Det var nesten magisk å sjå over på Nåso og Englafjell lyst opp av måneskinet. Dette av Englafjell var det beste eg fekk tatt av dei fjella.
 
Månen lyste opp stien for oss så vi trong ikkje hverken hovudlykt eller lommelykt :-)
 
Dette tok eg av skogsvegen som går vidare opp dalen når ein kjem til andre sving i Pålavegen.
 
Vi skulle ikkje til topps i går kveld. Vi skulle kun 3 svingar opp og så skulle vi fylgja skogsvegen som går mot Uskedalen igjen til endes. Her har eg faktisk ikkje vore før, og eg vart overraska over den flotte utsikta vi fekk over Uskedalen herifrå.
 
Ja, nokolunde slik såg det ut på ein del av bileta mine. Eignetleg litt tøft - eg hadde jo ikkje fått til dette om eg hadde prøvd å få det til :-)
 
Men, litt flaks skal ein jo ha - dette blei jo ikkje så verst..
 
Og jamme hadde eg eit til - med litt varmare fargar :-)
 
Ein liten kakao- og lappekakepause hadde vi i enden av skogsvegen her, medan vi naut utsikta. Men det var kaldt å vera i ro så...
 


...vi tusla heimatt etter ei lita stund.
 
Dette var ein kjempefin, liten måneskinstur som absolutt kan anbefalast. Men, nattbileter, ja, det må eg nok øva meg på ei stund enda - men, eg skal nok knekka koden eingong :-)
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)