tirsdag 31. mai 2011

Eg har masa vel og lenge...

No har eg vel masa nesten eh..mhpf...eit år om konfirmasjonen. No har vi lagt den bak oss - og dei neste 14 dagane reknar eg med eg skal bruka til å masa om årets Aktivitetsdag 11.juni. Her er programmet:

Mykje moro for liten og stor :-)

Det er framleis tid og lov til å melda seg som frivillig til å vera med å hjelpa til på dagen - husk at alle over 18 år som stiller opp med ei hjelpande hand får vera med på den store sjørøvarfesten på Bøkkaren laurdagskvelden! Og det er jo ein fest ein helst ikkje vil gå glipp av... :-)

søndag 29. mai 2011

No trenger dei seg på igjen...

No trenger dei seg på igjen,
tunge tankar som vil inn (marsipan, melis, eggedosis...),
No må eg ut å gå igjen (resultat av ovanfornevnte),
kjenna regn og kjenna vind. (e' da egentleg nokon alternativ?)

I dag har eg vore ein kjapp tur til Flåtene etter gammalt. Det er ein tur på 15-20 min. og i løpet av dei minutta kan ein, hvis ein er heldig, oppleva alle 4 årstider! Det gjorde eg i allefall i dag - sol, regn, hagl om ein annan. Men, vi barna av naturen, lar oss ikkje stoppa av litt vær :-) Var i grunnen ein fin tur:



Av ein eller anna grunn følte eg at eg og han mosegrodde karen her hadde ei slags samhøyrighet...

Veit dåke forresten at Eikedalen har eigen sang? Den går som følger:

EIKEDALEN

Eg veit ein stad der min hug er fest,
det er i Eikedalen so fin'e.
Når eg kjem dit er eg høgste gjest,
og barneminni dei skine.
Og Englafjell stend vardevakt
og Mannen hev ved si sida,
og samen stand dei vel i prakt
til livd for bjørkelida.

Når mødd og sliten av livsens kav,
og trøytt eg er av verda:
Då tek i hand eg far sin stav,
og gjev meg ut på ferda.
Til Eikedalen då eg gjeng
til gamle kjære stader,
og fylgjesvein eg inkje treng
eg vert til soli glader.

Her finn eg vener frå bardomstid,
i stein og hamrar og haugar.
Når gauken gjel i bjørkelid,
då tåra auga mitt laugar.
Og elva renn i kåte kast
med vatnet det klåre,
eg set meg ned hev ingi hast
der drikk eg utan fåre.

No er dei borte dei gamle go',
som jaga bjørnen i dalen.
Og far si stemma er tagna no,
som lokka mildt på smalen.
Men dalen ligg her like traust,
og like fin og fager.
Og skifter ham ved vår og haust
just som i farne dagar.

Min barneheim er på framad hand,
no andre styrer garden.
Og mor og far har nådd æveland,
dei båe bort er faren.
Men Eikedalen imot meg tar,
som mor meg kjærleg femner.
Og minni hev eg her um far
kvar gong når hit eg stemner.


Eg har forresten inntrykk av at alle kosar seg i skogen.... ;-)


lørdag 28. mai 2011

Ei lei klemme...

Eg er komt i ei lei klemme... Ein skulle tur at etter å ha lese mat- og kakebakebloggar i eit par månader (for å forbereda konfirmasjonen) så burde eg vera bra lei no? Men, nei - eg har fått KAKEBAKEDILLA!! Og det i ei tid der eg óg ser at BIKINISESONGEN nærmar seg med stormskritt - og den er eg ikkje klar for.. (Det burde vera vektgrense på matbloggar på same måte som det er aldersgrense på bilsertifikat).Det var då pokkers til kombinasjon - korleis få dette til å gå i hop?? Eg har gjort eit forsøk på dette i dag - i går kom eg over oppskrifta på "Protein CupCakes med Skyr Jordbærkrem" på VG nett. Kruskakli, linfrø, solsikkekjerner - ikkje akkurat det eg har hatt i kakerøra i det siste...Men, får gjera eit forsøk:

Kesam, olje og egg. Ok - eg måtte byrja å improvisera litt allereie her iom at eg kun hadde 3 egg og det skulle vera 4. Men, som dei seier i musikkverden: "Du må gjera sangen til din eigen". Satsar på at det gjeld i matoppskriftverden óg - klaska oppi litt ekstra kesam & olje...

Så solsikkekjerner, sesamfrø, linfrø og bakepulver...

Før steiking...

Etter steiking. Lukta godt til å komma innunder graskategorien...

Eg brukte mine ganske så nye silikonmuffinsformer. Vi vart ikkje vener fyrste gongen eg prøvde dei - tvert i mot syntes eg det var noko stort tull eg hadde kjøpt meg. Men ,no eg vi blitt vener! Alle cupcakene blir meir eller mindre like store - og dei trillar lett utav forma når dei er ferdige :-) Kan henda det har noko å seia om det er olje i røra eller ikkje?

Så, medan desse sunne greien stod til avkjøling, gjekk eg meg ein våt spasertur rundt dalen. Aktivitetsnivået må nok høynast noko skal det bli noko effekt.. Kan henda må eg melda meg inn i skulemusikken igjen? Nei, dei skal vel ikkje masjera noko meir i år. Ser ein klagar på at det er for få kvinnelege triathlonutøvarar i Norge - hmmm...noterer ned: Husk å kjøpa våtdrakt og pumpa luft i sykkeldekka." Kan kanskje pussa litt støv av romaskina som står urørt midt på golvet óg - for ikkje å snakka om stepmaskina som kun har fungert som soveposestativ det siste året...

Vel heima igjen måtte eg jo smaka på cupcakene slik dei skulle vera - med Skyr jordbærkrem! Det var vel kanskje ikkje ein kombinasjon eg ville kome på sjølv, og strengt tatt:

...så smaka dei mykje betre varme med ein klatt smør på :-)

Om eg vil anbefala desse cupcakene? Vel, hvis ein ikkje tenkjer i kakebanar, men i brødbanar så var dei ikkje så verst. Eg trur kanskje eg skal prøva dei eingong til, men då i brødform. Ser for meg at dette kan bli gode skiver med ost eller kokt egg på :-) Og det skal dei ha - dei metta! Og gjev sikkert energi óg for no sit eg her å tenker på at så snart eg er ferdig med dette blogginnlegget skal eg henga opp klær, støvsuga, rydda kjøkenet etc. etc. :-)

tirsdag 24. mai 2011

Oh, store lykke!

I dag stod det på kalendaren at eg skulle sjekka bunaden. Ikkje bare skulle den sjekkast - den skulle prøvast óg... Oh, store lykke - no stress! Å seia han smatt på blir vel kanskje feil, men alle knappane kan kneppast igjen så eg slepp i allefall å stilla med splitt til oppunder armane på den store dagen. No kunne eg vel lent meg tilbake å slengt beina på bordet, men det kan jo hende eg skal ha på meg andre ting i tida frametter som ikkje glir lika lett på - bikini f.eks. Er vel ikkje det lettaste å sy ut...Dei siste veken har eg funne igjen ein gammal venn som dei to siste åra meir eller mindre har grodd fast i eføyen som veks på husveggen, eller blitt gøymt vekk i kjellaren - sykkelen! Og no skjønar eg ikkje heilt kvifor - det er jo eit ypparleg framkomst middel til både kvardag og fest!

Kvardag: Sykkeltur opp dalen, spasera inn til Kalkstasjonen, ein eller anna sjølvutvikla form for jogging tilbake - og så sykla heim att. 

Til fest: Skikkelege skykkelsko...


.....god niste...


...og husk hjelm!

Han far er foressten ikkje heil overbevist om dette bunadsgreiene, så då eg kom opp Eikevegen med tunga hengande ute etter kvardagsykkelturen min i dag - kom han slepande over plenen med denne greia og plasserte i stova mi..


mandag 23. mai 2011

Konfirmasjon 22.05.2011

For ein strålande flott konfirmasjonsdag guten og alle vi andre hadde i går! Fin seremoni i kyrkja og ein flott fest etterpå.

Mors "tale" til konfirmanten. (Litt dårleg kvalitet - måtte komprimera denne svære fila eindel for å lagt den inn.)


Stian Sebastian sin benk i kyrka.

Blei litt for langdrygt for minstemann :-)


Konfirmanten & far.

Oppstilling i kyrkja.


Sjå denne flotte gjengen som blei konfirmert 22.mai 2011!


Og her er min flotte konfirmant.


Konfirmanten med mor & far.

Konfirmanten med foreldre + kusine Kathe.


Posering i alle variantar denne dagen.


Nok no - byrjar å bli svolten...


...og mat skulle det bli nok av :-)

 Ferdig pynta bord.


 Pynta med eplegreiner - ærleg og redeleg stjælt i naboen sin hage....


 Mine tre fantastisk flotte hjelparar - dagen hadde ikkje blitt det samme utan desse :-) Tusen takk for all hjelp! 

 Konfirmanten med Skorpo i bakgrunnen.



 Mange som skulle fotograferast denne dagen.

 Konfirmanten med foreldre igjen.


  Stor nok til å eta med kniv og gaffel denne dagen.

 Men ikkje for stor til framleis å kosa med Besten :-)


 Fetter, tante og onkel i frå Sogn.


 Denne jenta syntes det var stas med blå isbetar i brusen.

Taletid. 


 Søskenbarnfotografering.


 Konfirmanten og samtlege av hans kusiner og fetrar samla for aller fyrste gong :-)


 Konfirmantane var ein flott gjeng, men det var jammen desse óg!

 Konfirmanten med far, fetrar og onkel på farsida.


 Så var det tid for kaker..


 Som far, så sønn.


 Små prinsesser :-)


 Ungane fekk eige kakebord med div. saker på - det smalt nokre ballongar, høyrte eg.



 Onkel & tante.


 Fantstisk bilete! Konfirmanten, far, onkel & to fetrar :-)


 Konfirmanten med fadrar. Ingen reagerte på at far hadde sneke seg med...


 Konfirmanten med fadrar & foreldre.


 Konfirmanten med Besto & Besten.


Konfirmanten med mor og besteforeldre.

Og her var dette, muligens heldigvis, slutt på minnebrikka....