onsdag 8. juni 2011

Merkeleg kor god tru ein har om seg sjølv av og til....

Det er merkeleg kor god tru ein har om seg sjølv av og til.. Eg f.eks har litt dårleg innsikt når det gjeld eiga form - altså kondis! I dag var det passeleg fint sykkelvær og eg la i veg med stort mot oppover dalen. Og om ein ikkje merkar det så godt i bil eller når ein spaserer, så merker ein at det går OPPOVER i dalen når ein syklar- akkurat såpass at ein må trø stort sett heile tida! Best som eg sat der og trødde fekk eg det for meg at i dag skulle eg jammen sykla forbi vegen til kalkstasjonen - ja, kanskje heilt til Fjellandsbø! Og det sjølv om eg utmerka godt veit at det med dagens kondis er meir enn langt nok å sykla inn til vegen til kalkstasjonen! Og dess lenger opp mot Haugland eg kom, dess oftare byrja eg å revurdera denne tanken - tunga hang allereie på sykkelstyret... Då eg endeleg kom opp til vegen til kalkstasjonen hadde eg i grunnen bestemt meg for at det var nok. Men, der på benken sat av alle ting ein tysker å spelte gitar - og i rein forfjamselsen sykla eg rett forbi! Og eg veit ikkje kvifor eg plutseleg følte eg skylda han og visa kor sprek eg er (!), men når eg fyrst hadde sykla forbi syntes eg ikkje at eg kunne snu med eingong - så vips så var eg på Musland. Ja, ja, vips og vips, men eg sykla til "Nedre Musland" før eg syntes eg kunne snu. Då syntes eg det var langt nok - Fjellandsbø får venta til ein anna gong. "Problemet" no var at så snart eg hadde snudd så gjekk jo vegen på ned igjen og sykkelen trilla av seg sjølv utan at eg trong trø. Så då gjekk det jo ikkje meir enn to sekundar før eg innbilla meg at eg var supersprek igjen - og dermed svinga av ved vegen til kalkstasjonen i stadenfor å sykla rett heim. "Du tar ein kjapp spasertur inn her og spring tilbake"... Tyskaren og gitaren var borte vekk - dvs heilt eg runda fyrste sving, då kom han og kona (trur eg) i mot meg midt opp i bakken. Og sjølv om eg då hadde mest lyst å legga meg ned å krypa på alle fira, rekka ut ei hand og hest kviskra "vatn, vær så snill gje meg vatn", gjorde eg sjølvsagt ikkje det. Nei, då var det bare til å retta seg opp i ryggen og langa ut i eit imponerande tempo oppetter bakken - heilt til eg kunne snu meg og sjå at dei var ute av syne. Bare innrøm da - dåke hadde gjort akkurat det samme.. Kom meg inn til kalkstasjonen, stempla inn og TADA saved by the bell, då ringer kusine Klara og skal diskutera Aktivitetsdagen - vel og lenge. I allefall ned ein bakke og opp ein bakke og ned ein bakke til  - og når eg fekk lagt på var det bare den lengste nedeover bakken igjen å jogga :-) Deretter var det bare å hiva seg på sykkelen og komma seg heim att. Og no når eg har fått slengt meg på sofaen tenkjer eg at det gjorde jo godt meg ein slik tur - bakstussen min er ikkje heilt enig....
Eg får vel óg nevna at så snart eg hadde trødd av sykkelen i Eikevegen og syntes sjølv eg hadde imponert veldig med ein heila tur i dag, sykla det to Rosendølingar forbi - på veg utover....

Eg har dessverre ikkje bileter av sykkelturen, men istaden kan eg visa dåke kva eg har handla på apoteket i dag:

Solkrem og 100 stk. eingongshanskar, eller undersøkelseshansker som det heiter på eska, ikkje løye dei var gøymt bakom disken - eg trudde nesten eg mått ha resept for å få kjøpa dei. Eg syntes ikkje eg skulda vedkommande bak disken og forklara at eg ikkje skulle bruka desse produkta i lag, men eg kan nevna her at solkremmen er til helga - eg er evig optimist og trur på sol - og hanskane skal eg sjølvsagt bruka i min nye bakeverden når eg fargar sukkerpasta og marsipan!

1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)