mandag 1. august 2011

Alle vegar fører til Rom....

...og i dag trur eg Naturbarna har gått samtlege! Hadde egentleg sånn delvis lova meg med på ein tur til Ulvanoso i dag, men den blei ingenting av - TÅKE.... Men, utpå dagen blei eg invitert med på ein liten tur på Låganoso av dei andre tøttene. Det var i allefall planen - inntil vi var på veg oppover i dalen og såg korleis det lysna meir og meir dess lenger opp i dalen vi kom. Då vi gjekk utav bilen var den parkert nesten ved Fjellandsbøvatnet og turmålet var endra til Tverrfjell!

 Marit og Ann Irene klar for avgang til Tverrfjell, eller???


Denne vegen hadde ingen av oss prøvd før, men ei av oss hadde høyrt det er kjappaste veg til Tverrfjell...


 Ingenting å seia på utsikta!

Liten matpause.

Vi var komen til endes på vegen, og det store spørsmålet var: Kor går vi no? Vi såg ingen skilt og ingen sti. Vi kunne velga å gå på tvers mot Uskedalen, eller rett opp gjennom lyng og brake. Eg trur vi blei einige om at Tverrfjell måtte ligga rett opp - så vi valgte det! Dvs. Marit bestemte at vi skulle gå rett opp - Marit går ikkje omvegar hvis ho kan gå rett på....

Jada, dåke kan vera heilt sikre på at her går stien...


Når eg skreiv rett opp, så meinte eg rett opp! Vi drog oss oppover etter lyngen og braken. Hang å dingla utan fotfeste og dei fine neglene til tante, som Sandrine skraut så av på fredag, var svarte etter å bora seg inn i fjellskrentane. Eg hadde fyrstehjelpsutstyr i sekken - no har eg lagt til "tau" på "må-huska-å-kjøpa-lista" mi! Då vi kom opp på den fyrste toppen, stod Marit der så fint "eg har litt vondt i tærne - merkar at eg ikkje er vane med å bruka dei på denne måten". ???? Eg kjente ikkje ein skit i tærne - hvis du har ein eigen klatreteknikk som involverer tærene kunne du vel vist oss det før vi kom opp :-)

 Men igjen, utsikta blei bare betre og betre. Her i frå såg vi nesten heile Uskedalen!


 Eg var nøgd med kvar topp eg kom meg opp på :-) Jada, push-up bh står òg no på "må-huska-å-kjøpa-lista"...


 Særs nøgde jenter dette òg :-)


 Sånn ja, må vera litt tekkeleg sjølv om ein er høgt til fjells...


 Flott utsikt ned mot Fjellandsbøvatnet.


Og på fjella på andre sida.


Men, no hadde vi vittarleg kun nådd ein topp halvegs opp der vi meinte vi skulle, og opp måtte vi - det var ingen tjangs for å komma seg ned at same vegen vi kom opp. Så vi klatra ein topp, og ein topp til, og sikkert ein topp til... Eg var så lei av å streva meg opp desse toppane - skulle dette liksom vera lettaste veg til Tverfjell?? I doubt it. Men, endeleg såg det ut som om vi nærma oss målet for turen.

 Tverrfjell! Men, kor i...


...svarte var varden?? Og, det må vel finnast ein sti her ein eller anna plass?? Og var dette egentleg Tverrfjell i det heile tatt? Eg prøvde å seia at eg syntes det låg litt vel langt inn mot Matre og og Blådalen, men kva veit vel eg om geografi og fjell?


Vi leita litt, diskuterte litt, og blei til slutt eininge om at vi kunne ikkje byrja å leita etter varde og stiar på måfå på eit fjell vi aldri har vore på før. Så, litt betutta vende vi nasene mot Uskedalen igjen og byrja å bestiga ein topp til. Litt oppi bakken måtte sjølvsagt Ann Irene, den styrste fjellgeita av oss, snu seg - og kva fekk ho auge på der???

Varden! Har zooma litt her, men vi såg han så godt at det nytta ikkje å snakka det vekk. Det var ingen bønn - vi måtte snu og klatra ned igjen og ta retning mot varden. Vi skulle på Tverrfjell okkesom!


Vi kom oss faktisk inn på ein sti - som av alle ting var merka med små steinvardar. Her var vi heilt einige om at det burde vore merka med raude T-ar....

...Ca. 50 meter i frå varden kikka vi oss til venstre og såg dette...Ok - så hadde vi vore på villspor igjen.

Men, så happy for å ha funne varden og komen oss opp!! Sjå Folgefonna i bakgrunnen!


 Og for ei utsikt! Her mot Blådalsvatnet...


 ...og her mot Matrefjorden!


Vi fotograferte i det vida og det breia :-)


Har du vore på Tverrfjell, seier du? Kjenner ikkje heilt igjen utsikta? Kan det vera fordi..

..vi slett ikkje var på Tverrfjell, men fann ut når vi skulle skriva oss i boka at vi var på Gråfjell???


GRÅFJELL - kor pokker er GRÅFJELL? Eller, det veit vi jo no, men kven har høyrt om GRÅFJELL før??? Ikkje vi i allefall - og den store turboka var laaaaaangt i frå utskriven! Ja, ja, det var jo ikkje fyrste gangen vi hadde tatt feil denne dagen... No stod sola høgt på himmelen, eg hadde pakka for ein liten tur på Låganoso og no byrja hovudeverken å koma. Ikkje bra - eg kunne jo bare sjå meg rundt så skjøna eg jo at det var langt og lenge igjen til eg var heima. Drikke var eg byrja å gå tom for, og no byrja eg å bli ein smule "møsete", trur eg. Eg forlanga at vi skulle slutta å gå på måfå tilbake - no skulle vi fylgja dei raude T-ane om vi så enda i Omvikdalen eller Lille Thailand! Og nedover gjekk det igjen. Eg prøvde å halda motet oppe ved å forlanga at vi skulle synga vandresangar, men vi kunne jo ingen! Prøvde oss trestemmig på "Gjekk ein tur på stien", men når Marit, som byrja å synga ein setning etter meg, kom før meg til "ko-ko" gav eg opp det prosjektet. Brått kom vi ned til dagens fyrste skilt som viste vegen til Gråfjell og Tverrfjell! Vegen ned mot Omvikdalen virka veldig bratt og Ann Irene fekk igjen blod på tann - ho skulle gå heim om Tverrfjell! Eg er heilt sikker på at den dama kunne ha klatra bønnestengelen inn i himmelen utan så mykje å hiva etter pusten ein einaste gong! Så då bar det oppover igjen... Same toppen vi hadde vore på veg opp før Ann Irene snudde seg og såg varden...Eg veit ikkje kvifor, men det var ein augneblink der eg brått kom til å tenka på songen "Det enkleste er pistol".... Hovudet dunka og eg måtte byrja bomma drikke..

 Men, jammen kom vi oss opp på Tverrfjell òg - og då fekk vi brått utsikt over Rosendal.


 Og Mannsvatn. Ahh! Vi nærma oss hjem-kjære-hjem :-)


Klokka var byrja å bli mykje og det bles ein fin vind på toppen. Bra for meg - eg fekk kjøla meg ned  litt og det gjorde underverk for hovudverken. Eg tok fatt på heimvegen med nytt mot :-)


På veg ned frå Tverrfjell fann vi dette skiltet. Måten det står på er igrunnen veldig dekkande for heile turen vår - OPPOVER!


 No stod det bare igjen å vandra bortover fjellryggen til vi endeleg fann Pålavegen og kunne starta nedstiginga.


Og vel nede ved vegen stod Rune og venta på oss :-) Eg blir stort sett glad når eg ser Rune, men aldri har eg vore så glad som i dag! Sjå - gentlemannen har til og med opna dørene for oss :-) Vi må ha sett skikkeleg slitne ut der vi kom ned Pålavegen...


Vi byrja den vetle turen vår til "Låganoso" kl. 14.00. Eg var heima kl. 20.45!!  Det siste eg har satt på "må-huska-å-kjøpa-lista! mi er KART!!!

PS! I måro, når eg har fått hjelp til å rulla meg utav senga, vil eg sikkert vera einig i at vi hadde ein fin tur :-)

2 kommentarer:

  1. Hei!!
    Dåke har hatt ein kjempe flott tur, fekk knall lyst å gå til både Gråfjell(som eg faktisk har høyrt om før) og Tverrfjell når eg ser blidene.Ikkje nødvendigvis for å vera pirkete, men "Blådalsvatnet" ditt heiter vel eigentleg Fjellhaugvatnet eller noko sånt.....Blådalsvatnet ligg lengre inne mot fonna :-)tenkte da kunne vera greit når du har fått deg kart, at du ikkje kjøre til Blådalsvatnet og leitar etter Gråfjell frå den sida :-)

    Lykke til på neste tur ;-)

    Klem frå Kusine Klara

    SvarSlett
  2. He-he, eg kan stå nede ved Fjellandsbøvatnet (var det rett??) og peika kor du skal gå :-)

    Anita

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)