tirsdag 23. august 2011

Den kuuulast arbeidsplassen i gjengen....

...har nok Marita. Så når vi fyrst hadde komen oss avgårde til Stavanger, for eingongsskuld, måtte vi jo få ei omvisning:

 Marita jobbar nemleg her - på Sandnes Brannstasjon!

 Og her inne stod brannbilane på rekke og rad i lag med ambulansane..

 Hmm...dei nye brannbilane skal visst vera gule slik som ambulansane. Korleis kunne eg vita det - har dåke sett brannbilen i Uskedalen??? Lurer på om Marita har turd å visa kollegane sine bilete av den.....

Prøvesitjing må til :-)

 Jaddda - og alt eg har å skilta med er ei makuleringsmaskin... Den var til gjengjeld veldig kjekk i mange år :-)

 Og ikkje nok med at ho har køyrety i alle variantar i garasjen sin - ho har båt liggande midt i Stavanger sentrum òg!

Og så denne her då - som ho prøvde å innbilla meg at var ei slik "brannmann-slenger-seg-ifrå-andre-til-fyrste-etasje-stang"! Ka tar ho meg for?? Eg har no vel vore på Doll's House i Hamburg og sett kva denne blir brukt til, eg òg! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)