lørdag 1. oktober 2011

I keisarens fotspor...

...hadde vi bestemt oss for å gå i dag. Ikkje han utan klær, enda det hadde nok gått greit i dag, + 20 grader celsius 1.oktober - heilt utruleg! Men nei, vi skulle gå i Keisar Fredrik Vilhelm Albert Victor av Hohenzollern, betre kjent som Keisar Vilhelm II av Tyskland, sine fotspor opp Keisarstien i Bondhusdalen. I allefall tar eg sjansen på at det er rette keisaren. Det kan ikkje vera så nøye eigentleg for når eg sjekka litt etter visar det seg at stien slett ikkje heiter Keisarstien, men Gardshammarvegen, og nokon keisar har mest sannsynleg aldri satt sin fot i Bondhusdalen heller. Uansett, keisar Vilhelm II var ein staseleg kar:
Eller kva synes dåke?

Ganske fantastisk hatt - synes dåke ikkje? Har aldri sett noko så flott? Tru meg, det skal dåke snart få sjå.... Men, la oss ta turen i frå byrjan:

Her er det berre til å velga å vraka - vi skulle til Gardshammar.

Vegen svingar seg oppetter fjellsida.

18 svingar skal det visstnok vera på stien. Eg gav opp å telja allereie etter andre svingen - litt uviss om kva som kvalifiserte som sving og ikkje... Byrjinga var ganske bratt og kunne ta motet frå kvar og ein, men løye kva som går seg til. Eg syntes det blei lettare og lettare dess lenger opp eg kom - heilt mot normalen :-)

 Flott utsikt fekk vi på vegen opp.


 Og oppover gjekk det.


 Flott utsikt over Bondhusvatnet, Bondhusdalen og Maurangerfjorden.


Og enda meir utsikt..

Vi klarte å halda eit jevnt tempo oppover fjellsida, kun avbroten av to små drikkepausar og litt fotografering. Vi trudde vi enda hadde eit godt stykke igjen då - surprise - dette kom til syne rundt ein sving:

Gardshammar! Vi blei lika overraska begge to - dette hadde vi ikkje venta enda. Og enda meir overraska blei vi då vi tok igjen eit par rundt neste sving. VI tok igjen nokon!! Snakk om energikick - vi nærast jogga opp dei siste svingane :-)

Yohoo - endeleg oppe! Eller endeleg og endeleg - mykje raskare enn forventa..

På førehand hadde ein liten fugl (mor) tipsa oss at vi måtte gå litt lenger for då skulle vi komma inn til eit lite vatn. No var vi jo så fulle av energi enda at vi peisa forbi Gardshammar og tok retning mot Botnavatnet.

Og her var det jo idyllisk. Vegen vidare mot Breidablikk og Fonnabu går over skaret rett fram på biletet.

Det frista veldig å gå vidare i dag - vi følte oss utruleg spreke og i farta, men iom at Marit har eit kranglete kne tok vi ikkje sjansen. Eg gav grei beskjed om at eg ikkje kom til å bera ho ned att. Så den turen får vi ta ein anna gang når ho har fått orden på kneet. Men, vi var jo nøgd med å ha komen så langt som vi kom. Vi starta å gå frå bilen 10.45 og landa ved Botnavatn kl. 1255 - det hadde vi aldri trudd på førehand!
Men, så var det dette med keisarleg besøk i Bondhusdalen. Visst det er sant at keisar Vilhelm II aldri har satt sin fot i Bondhusdalen likevel så var det jammen på tide at nokon andre med keisarlege anar tok turen. Og det har sjølvsagt vi :-) Og hvis keisar Vilhelm II aldri har vore her, har vel aldri den flotte hatten hans tatt turen heller, og dermed er vi ganskje sikre på at finare hovudpryd enn det som blei vist fram i Bondhusdalen i dag har ein ikkje sett her før:

Ja, og så var det det vanlege - ei av oss har meir dreisen på dette med kruner enn den andre...

Vi syntes det var fint ved Botnavatnet, men det var ikkje så mykje utsikt her - bortsett frå fjellsider. Så etter ein liten pause vandra vi ned til Gardshammar igjen.

Keisaren skuer utover Bondhusdalen.

 Her var det flott utsikt både hit og dit.


 Koseleg liten støl, eller noko slik.


Gardshammar.

Så var det på tide med mat :-)

I dag blei det berre Red Bull - champagnen blei liggande i bilen. Vi var berre to stykker, ei av oss køyrte og det var bratt nok om eg ikkje skulle måtte passa på at Marit ikkje vasa seg utfor kanten i tillegg.


Det enkle er ofte det beste - berre tull! Her skal det vera ein keisar verdig - nystroken duk og lys på bordet må i allefall til for at det skal bli koseleg å eta nista.


Titt tei :-)

 Ei blid dame som kosa seg på tur...


...og ei til :-)

Vi kosa oss stort på tur i dag. Einaste minuset var at det var litt disig i været slik at vi ikkje fekk tatt naturbilde med den sylskarpe lufta som ein plar få om høsten. Men, kven kan klaga over det været vi har om dagen?? Aldeles nydeleg - varmt å fint til og med så høgt til fjells som vi befann oss. Men, alt har ein ende og tilslutt var det på tide for oss å pakka saman og ta fatt på vegen ned att.

 Klar for heimtur.


 Og då vi kom ned peisa vi lika godt inn til Bondhusvatnet òg - sånn berre for å ha gjort det.


 Der oppe var vi!


Høyrte dåke: Der oppe var vi!!!


Vi hadde ein kjempeflott tur i dag. Eg trudde det skulle vera mykje meir slitsomt å komma seg opp keiserstien, men det gjekk forbausande greit. Denne turen er absolutt til å anbefala!!

PS! Ann Irene, i tilfelle du lurar: Ja, vi har hatt til deg òg :-)

2 kommentarer:

  1. Dersom eg skal ha litt god underhaldning, legg eg Pondus på hylla og klikkar meg inn i bobla di. Takk for høggira sjølvironi og sprø humor krydra med naturopplevingar og daglegliv!

    SvarSlett
  2. Du e den beste bloggaren du Anita. Me sleit litt meir på turen i fjor, he he ;)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)