torsdag 21. juni 2012

Milde himmel...

....eg har gjort det igjen!
Det var så fint ute i kveld at eg bestemte meg for å padla i kanoen bort til Marit for å sjå om ho sat og naut sola på kaien sin. Før eg for nappa eg den falma, store raude fjøra utav pirathatten i gangen og festa i håret - skal ein ut og padla, så skal ein ut å padla :-) Slang eit blikk i spegelen før eg forsvann ut døra og konstaterte at eg likna meir på noko som burde ha pensjonert seg i frå "Den Røde Mølle" i Paris snarare enn på Månestråle...

Det hadde byrja å bli småmørkt når eg byrja padlinga og eg bestemte meg for å padla langs land for sikkerheitsskyld. Eg runda fint elevosen og fortsatte mot båthavnene. 

Inne på land langs campingen sprang det nokre ungar rundt å leika seg.
"Ugh! Ugh!" kauka dei.
"Ugh! Ugh!" kauka Den Røde Fjær tilbake. Eg tok opp pil og bogen min, sikta på den eine indianerfienden og slapp taket. Pila for i ein fin boge, langt over det eigentlege målet, for så å spidda makrellen ein stakkar tysk turist stod og stolt holdt opp medan kona stod og fotograferte.
"Oophs, søren", eg heiv meg langflat ned i kanoen, strakk armane over rekka og padla det raskaste eg kunne med fingrane mot Øyro Båthavn.

Eg glei lydlaust inn i båthavna og skulle akkurat til å reisa meg opp att då eg høyrt nokon ropa:
"Hei! Du der - hvem er du?"
Eg låg langflat i kanoen og lea ikkje på ein finger. Månen hadde forsvunnet bak ei sky og eg håpa at eg hadde klart å gøyma meg og komma utanfor augnesynet til vedkommande. Men den gong ei:
"Hei! Du med fjæra - hvem er du? Hvor kommer du fra?"
Eg hadde jo berre spidda ein makrell!?! Det kunne no ikkje vera noko å laga slikt rabalder for? Eg hadde absolutt ikkje tenkt å gjera meg til kjenne. Eg høyrte skritt som kom nærare. No var gode råd dyre. Eg drog meg forsiktig rundt ei skuteside og åla meg opp på ein utstikkar. Eg kraup på alle fira mot kaikanten, kikka rundt baugen på båten og såg i ryggen på vedkommande nederst på utstikkaren på andre sida av båten. Med eit tigersprang hoppa eg opp på kaien og la på sprang mot land.
"Halloooo! Hei - vent!" høyrte eg bak meg. Men eg hadde absolutt ikkje tenkt å venta.

I det eg var komen midt mellom båthavnene snudde eg meg for å sjå meg kjapt tilbake. Vedkommande hadde kome seg opp på kaien og var på veg mot meg i full fart med veivande hender. I måneskinet såg eg at det blinka i noko i den eine handa - ein kniv? Ein pistol? I all verda - eg hadde SPIDDA EIN MAKRELL - eg fortjenta vel ikkje å bli jakta på med kniv og pistol for ein slik filleting?? Skrekkslagen gløymte eg å sjå meg for og i same sekund snubla eg i ein vannslange som var strekt utover kaien. Eg prøvde å halda meg oppreist medan eg vakla mot kanten på kaien, men eg hadde for stor fart og for hovudstups utfor...

Eg landa på ryggen og sklei baklengs innunder ein stol og stoppa mellom to bein kledd i lederhosen. Då eg kikka opp såg eg rett inn i eit bustet hovud med snurrebart.
"Aber was..! høyrte eg vedkommande ropa ut. Eg prøvde å reisa meg - på veg ned hadde eg klart å vikla meg inn i og dratt med meg det tyske flagget på seglebåten.
"Entschuldigung! Entschuldigung! Ich bin der Derrick" stotra eg. Hæ? Derrick? Eg må ha slått meg kraftig i hovudet.
"Oh - Danke schön!" Fortsatte eg og dreiv snapsglaset han haldt mot meg. I ettertid har eg vel kanskje tenkt at det ikkje var meint for meg, men at han berre hadde slått ut med armane i forbauselsen...
"Aufwiedersehen!", på eit blunk kom eg meg over rekka på båten og landa sånn halvvegs oppå og halvegs ikkje oppå utstikkaren.

Medan eg hang der og kava med å komma meg oppå utstikkaren høyrer eg brått frå andre sida:
"Haben Sie der Derrick gesehen?"
Men, det var då som svarte - skulle vedkommande aldri gje opp å nå meg igjen? Korleis visste han at eg kalle meg Derrick - eg visste det jo nesten ikkje sjølv eingong! No bestemte eg meg for at nok var nok. Eg hadde kome meg opp på utstikkaren, stakk handa oppi båten ved sida og treiv tak i det næraste eg fekk tak i - ei båtshake! Så la eg meg på lur og venta. I det eg såg skyggen nærma seg reiste eg meg opp og så slynga eg båtshaka framover av all kraft og slapp taket..

Eg meir høyrte enn såg at vedkommande gjekk rett i kaien. Eg hoppa opp, sprang bort til vedkommande, satte meg på tvers over byttet, treiv kniven han hadde i handa, løfta armen, lukka augo og var klar til å skjære skalpen av han då eg høyrte han klynka fram:
"Men hva er det du gjør? Det er bare meg.." Og så blei det stille.
Eg opna auga: "Svarte bananer!!" Der låg redaktøren av uskedalen.no under meg - i den heva handa hadde eg ein penn..

Er det mogleg? Hadde eg verkeleg klart å ta livet av redaktøren for uskedalen.no IGJEN?? Eg kikka rundt meg, men kunne ikkje sjå at det var nokre vitner til hendinga. Raskt treiv eg av meg ponchoen og rulla redaktøren inn i denne, heiv han på nakken, sprang så raskt eg kunne frå den eine båthavna til den andre, heiv redaktøren i kanoen og padla for livet mot Beinaviko.

Då eg nærma meg, såg eg som forventa, at Marit sat på kaien sin og naut sola. (Sol, måne, mørke, skyer - vi "forfattarar" har lov til å ta oss litt kunstneriske friheiter)
"Hilfe! Hilfe!" ropa eg. La til kai, heiv igjen redaktøren over nakken - for så å rulla han ut framfor beina på Marit.
"Eg har tatt livet av redaktøren for Uskedalen.no! Kva skal eg gjera?"
"IGJEN???" Marit letta på solbrillene og kikka på redaktøren,
 "Kor har du skote han denne gongen?", sa ho roleg.
"Eg har ikkje skote han denne gongen - eg har slått han i hel med ei båtshake!" Hiksta eg fram.
Marit bøyde seg ned over redaktøren, snudde han frå side til side.
"Eg ser berre eit lite streifsår på det eine øyra", sa ho og reiste seg.

"Pang!" Eg skvatt til, stupte under bordet til Marit og satte tenna leveggen til Stensletten.
"Ta deg i samen! Eg opna jo berre ei champagneflaske. Hjelp meg no meg å stabla redaktøren på beina så vi får slått litt champagne i han så livnar han nok til. Han har nok berre svima av."

Som sagt så gjort - og Marit hadde som vanleg rett. Vi plasserte redaktøren i ein solstol, slo ein skvett champagne i han og så tok det ikkje lang tid før han livna til igjen. Heldigvis huska han ikkje noko av kva som hadde skjedd denne gongen heller, og atter eingong fortalte vi at han hadde snubla og svima av på kaien etter eit besøk hos kultursjefen.

At redaktøren av uskedalen.no har ein anna versjon enn ovanfor på kvifor vi sit her på kaien til Marit og nippar til champagne ein fin solskinnskveld får no så vera.

2 kommentarer:

  1. He he. Steike bra skreve Anita. No ventereg spent påkriminalromana. -)
    Sommarhelsig fra herøysund (Bente)

    SvarSlett
  2. ja den der var bra. du er flink du. kjekt å lese.

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)